Hopp til innhold

Her designar dei Sunnfjord sitt nye ordførarkjede

FØRDE (NRK): Fire kommunar skal samlast til éin og fire ordførarkjeder blir erstatta med eitt. Tre lokale smykkedesignarar har fått det prestisjefylte oppdraget med å utforme det.

Heidi Gloppen, Anne Lise Øvrebø og Trude Tenold ser på ordførarkjeder

PLANLEGGING: (F.v.) Heidi Gloppen, Anne Lise Øvrebø og Trude Tenold planlegg design for nytt ordførarkjede.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er ikkje akkurat eit lite halsgropsmykke som gåve til mor vi skal designe, fortel Anne Lise Øvrebø frå Øvrebø Smykkeverkstad på Jølster.

Nytt ordførarkjede er ei av mange praktiske bitar som må på plass når nye Sunnfjord kommune skal byggjast. Regjeringa har med kommunereforma vedtatt at desse kommunane skal slå seg saman. I 2020 skal alle samanslåingar vere gjennomført.

Medan politikarane i fellesnemnda bak den nye storkommunen var samla i storsalen på Førde Rådhus for å diskutere, sat det tre kreative smykkedesignarar i eit anna rom med ei langt meir praktisk oppgåve.

Studerer ordførarkjeder i Sunnfjord

STUDERER: Kjeda til ordførarane i Sunnfjord blir nøye studert av Trude Tenold, Heidi Gloppen og Anne Lise Øvrebø.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Saman med Heidi Gloppen og Trude Tenold frå det nyoppstarta designstudioet Vy Designlab skal Øvrebø designe det staselege smykket til ordføraren i nye Sunnfjord kommune, som skal bestå av kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.

– Det er kjekt å vere fleire om dette designprosjektet, seier Øvrebø.

Inspirasjon frå heile landet

Korleis går ein fram for å lage eit nytt ordførarkjede?

– Vi begynner med research og kartlegging, fortel Tenold.
Designarane må prøve å finne ut kva som har blitt gjort før og kva dei synest fungerer godt. Etter at dei er ferdige med det, skisserer dei sine eigne tankar og idear.

– Det er så mange ulike ordførarkjeder i heile Noreg, og vi har jo dessutan kjedene til fylkesordførarane, legg ho til.

Ei viktig kjelde til inspirasjon er å studere forskjellane på ordførarkjedene til kommunane som skal slå seg saman. Gaular sitt smykke har likt mønster på heile kjedet, medan Førde sitt har fleire ulike symbol, som til dømes tannhjul, hammarar og gevir.

Ordførarkjeder i Sunnfjord

DETALJAR: Designarane studerer forskjellane mellom smykkene.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Lang erfaring med design

– Vi må bli einige om dei skal ha ein abstrakt type symbolikk eller meir i form av figurar som ein forstår, fortel Gloppen. Ho synest det er veldig spennande å jobbe med ein ny type prosjekt.

Sjølv om Vy Designlab starta opp i januar, er ikkje damene bak bedrifta ferske i bransjen.

– Det er heilt strålande å ha dette som vårt første oppdrag, seier seniordesignarane.

– Kjedet må ligge fint på skuldrane

Ordførarkjedet skal vere ferdig i april. Designarane skal presentere research og tankar for ei prosjektgruppe før dei går vidare og skisserar meir. Dei tre damene må vedgå at dei har prøvd ordførarkjedet på.

I mangel av ein ordførar tilgjengeleg til å teste smykket, måtte damene snike seg til å prøve kjedet sjølv.

– Det er viktig at det skal ligge fint på skuldrane. Det passa heilt perfekt, seier Tenold og ler.

Så no vart det fødd ein ordførarambisjon her?

– Nei, eg trur eg skal overlate det til andre, avsluttar Tenold.