Hopp til innhold

Her deler dei ut russekort til sjuke born

Russen hadde med seg ein heil berepose med russekort til ungane på barneavdelinga ved Førde sentralsjukehus.

POPULÆRT: Russekort er eit populært samleobjekt. Då russen kom på besøk fekk ungane på barneavdelinga eit sjeldent høve til å pynte på samlinga. Foto/redigering: Tone Merete Lillesvangstu

Ikkje alle ungar har høve til å springe etter russen. Difor må russen kome til ungane, meiner Hans Fredrik Laache, russepresident på Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde.

– Vi meiner det er viktig at alle ungar får russekort, seier han.

Ikkje berre fyll og festing

Russekorta vart samla inn på russedåpen og givarviljen var stor.

– Det verka som alle var engasjerte og ville gje vekk korta. Så det var veldig fint, seier Laache.

Han meiner russen har fått eit litt ufortent dårleg rykte. Blant tvilsame russeknutar finn ein òg dei av det meir sympatiske slaget, som å dele ut is i ein barnehage. Samstundes har dei i russetida delteke på fleire veldedige aksjonar.

– Vi prøver å engasjere oss så mykje som mogleg, seier Laache

Russen vart teken godt i mot

Sjetteklassing Siv Tone Lyslo er innlagt på barneavdelinga eit par dagar og tykkjer det er stas å samle på russekort.

– Det er veldig kult. Det står mykje morosame ting på dei, seier Lyslo, som allereie gler seg til ho sjølv blir russ.

Live Bakke Nydal er glad for at ho rakk besøket frå russen. Ho skulle nemleg skrivast ut same dag som dei var på besøk. På skulen hennar er det status å ha flest russekort.

– Eg hadde eigentleg ikkje så mange russekort, men no har eg det, seier ho.