Her dansar ho kvardagen til ein psykiatrisk pasient

FØRDE (NRK): Ja, det er mogleg å formidle ein doktorgrad med dans!

Ingvild Maria Thingnes dansar doktorgrad på Løa

Å VERE EINSAM: Ingvild Maria Thingnes framfører «Ser du meg?» – ei framsyning som tar opp tema som einsemd og det å vere i ein sårbar situasjon.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

– Gjennom dans kan ein formidle nokre av dei sidene som kan gå tapt i det skriftlege, seier dansar Ingvild Maria Thingnes.

Einsemd, sårbarheit og mangel på anerkjenning. Desse kjenslene utstråler ho gjennom dei mjuke rørslene sine. I det mørke rommet er det berre éitt einaste ljos, bak lerretet kor skuggane hennar vert spegla.

Framsyninga har fått arbeidstittelen «Ser du meg?» og tar utgangspunkt i doktorgraden til Kari Eldal.

Ho er stipendiat ved Universitetet i Bergen og har forska på pasientopplevinga i psykisk helsevern. Føremålet med doktorgraden er å kaste ljos på korleis pasientar erfarer det å vere innlagt, og korleis skape gode relasjonar mellom miljøpersonale og pasient.

Kari Eldal

FORSKING: Kari Eldal jobbar på sjukepleiarutdaninga ved Høgskolen på Vestlandet, men er tatt opp som stipendiat ved Universitetet i Bergen.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Mange føler skam

– Det er veldig mange som føler seg skamfulle av å vere innlagde. Dei stigmatiserer seg sjølve og medpasientar. Samtidig er det å vere innlagt noko trygt, og ein får omsorg som gjer at du får ein pause frå alt der ute.

Ho har hatt med seg ei gruppe beståande av seks andre som har eigenerfaring med innlegging, og tre andre forskarar. Dei har vore sentrale i utforminga av forskinga. Det vanskelege temaet har bydd på utfordringar for forskaren.

– Den største barrieren låg hos meg sjølv. Eg var usikker på korleis eg skulle trå fram, og kva for språk eg skulle bruke. Etter kvart skjønte eg at eg hadde tatt feil, for vi er alle ganske like i opplevingane vår, seier Eldal.

Ho syntest det var interessant å sjå forskinga si bli presentert gjennom kunst.

– Det var rart, men eg er mest av alt imponert over at Ingvild klarar å fange så godt det eg har skrive om. Ord kan òg treffe deg, men det visuelle, musikken og dansen treff deg midt i magen, seier Eldal.

Ingvild Maria Thingnes

DANSAR DOKTORGRAD: Kjensler gjennom kunst. Ho håpar å fortsetje med framsyninga gjennom den kulturelle skulesekken, samt lage eit større stykke av doktorgraden til Eldal.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

– Dei små tinga

Ho meiner at alle har eit behov for å bli sett. Men at når vi er på vårt mest sårbare har vi eit ekstra behov for å bli sett av dei rundt oss. Ho peiker på at det er dei små gjerningane som kan utgjere den store skilnaden.

– Små ting som ei berøring, det å bruke namn eller ha med ein kaffikopp til vedkommande er viktig for å bli gjenkjent som eit heilt menneske, og ikkje berre som ein pasient.

Trass erfaring frå danseutdanninga i Stavanger og blant anna dansekompani i Jerusalem, er dette fyrste gongen Ingvild MariaThingnes har dansa ein doktorgrad.

– Det har vore utfordrande, men det har vore veldig spennande å jobbe med noko av betyding. Eg har lært korleis skape ei framsyning som byggjer på ord.

Ingvild Maria Thingnes

LÆRERIKT: Thingnes synest det var utfordrande, men likevel lærerikt å jobbe med å forvandle ord til dans.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK