NRK Meny
Normal

Her bygger dei den første norske gondolbana på 54 år

På fjellet Hoven i Stryn er dei no godt i gang med å bygge den første norske totaus-gondolbana sidan 1962.

Åsgeir Tomasgard

GOD UTSIKT: Frå arbeidsplassen sin kan Åsgeir Tomasgard sjå innover mot Jostedalsbreen og til høge snøkledde fjell både i aust og vest.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

På toppen skal det også etter kvart kome ein restaurant. Ein av dei som er med på bygginga er Åsgeir Tomasgaard.

– Det er eit krevjande prosjekt på mange måtar. Det er stilt strenge krav til både kvalitet og nøyaktigheit.

For å bygge gondolbane høgt til fjells er ikkje berre berre, alt må planleggast nøye.

– Det ligg høgt oppe, så vi må planlegge nøye kva vi tek med oss. Alt utstyr som vi tek med oss opp, må vi og ta med oss ned igjen. Vi må ha med oss akkurat det vi treng, ikkje for mykje og ikkje for lite, seier Tomasgard.

Ei gondolbane er i ferd med å bli realisert i Sogn og Fjordane. Det blir den første på 54 år her i landet.
Gondolbana skal frakte turistar som kjem til Loen opp fra den klåre blå fjorden til snødekte fjell på over 1000 meter.

Gamal draum

Draumen om ei gondolbane til fjellet Hoven i Loen har levd i hotellfamilien Grov i lange tider. No blir den verkeleg med bygginga av ei gondolbane 1000 meter opp frå fjorden.

– Her vi no står skal vi bygge gondolbanestoggen på fjellet Hoven, og vi skal bygge ein restaurant med plass til 350 gjester, fortel hotelldirektør Richard Grov, og peikar ut over anleggsområdet.

Richard Grov

SER FRAM TIL Å OPNE DØRENE: Hotelldirektør Richard Grov er ein av initiativtakarane bak gondolplanane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Over 200 millionar kroner må til for å kunne fullføre prosjektet, som er unikt i Noreg. Gondolbana skal frakte turistar som kjem til Loen opp frå den klare blå fjorden til snødekte fjell på over 1000 meter. På toppen, heilt på kanten av stupet, blir det eit opplevings- og informasjonssenter i tillegg til ein restaurant.

– Det som gjer meg begeistra ved dette prosjektet, er at vi opnar opp opplevinga her oppe for alle, året rundt. Det betyr svært mykje for oss, seier Grov.

Då Grov presenterte planane for Statens jernbanetilsyn, fekk han til svar at det i så fall blir den første norske gondolbana på 54 år. Jernbanetilsynet seier til NRK at det spesielle med nyetableringa i Stryn, er at det er ei såkalla totaus-taubane, og at den går over eit langt strekke med få master.

Fjellstasjon

På Hoven er byggearbeida på fjellstasjonen, som skal ta i mot dei besøkande som kjem med gondolbana, så vidt kome i gang. Tomasgaard kan love dei besøkande ei spektakulær oppleving.

– Når du tar gondolen ned igjen frå fjellet, så vil du gå horisontalt rett ut for stupet, og så går du rett ned. Det blir ei ganske så spektakulær utsikt, og antakeleg ei luftig oppleving i det du går ut for kanten, seier Tomasgaard.

– Kva tykkjer du om tanken bak dette prosjektet?

– Eg tykkjer det er ein kjempeide. Eg skjønar at enkelte tykkjer det er galskap, men det vil nok vere med på å setje Nordfjord på kartet, seier Tomasgaard.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå