Hopp til innhold

Her blir vegen stengd i fleire veker

Fylkesveg 61 mellom Maurstad i Nordfjord og Vanylven på Sunnmøre blir stengd i fleire veker.

Stengd veg ved Maurstadeidet

GEOLOG: Statens vegvesen vurderer fjellet i bergskjeringa som så ustabilt at dei ikkje vil opne vegen att før dei har fått reinska vekk laus stein.

Foto: Statens vegvesen

Det melder Statens vegvesen torsdag ettermiddag. Dei har då hatt ein geolog i området ved Maurstadeidet i Vanylven der det i går ramla ned fleire store steinar frå bergskjeringa over fylkesvegen.

Konklusjonen til geologen er dårleg nytt for dei som nyttar vegen. Det er nemleg behov for omfattande sikring før vegen kan opnast for trafikk igjen.

– No har vi vurdert det til at fjellsida er i så dårleg forfatning at vi må setje i verk tiltak umiddelbart. Vegen blir framleis stengd og vi set i gang med sikringsarbeid seinast måndag, seier prosjektleiar Odd-Einar Hjellen i Statens vegvesen.

Omfattande arbeidet

Ifølgje Vegvesenet kan vegen bli stengd i opp til tre veker. I første omgang må dei reinske fjellet for laus stein og rydde skog på toppen av bergskjeringa. Når dette er ferdig må dei til med bolting av dei største steinane og montering av sikringsnett.

– Dette er arbeid som må gjerast av fagfolk med spesialkompetanse. Vi håpar å ha skredsikringslaget på plass på måndag, seier Hjellen.

Området ved Maurstadeidet der steinane ramla ned er eit kjent rasområde.

Lange omkøyringsruter

Vegvesenet har vurdert moglegheita for å la trafikk passere samtidig som arbeidet går føre seg, men har funne at dette ikkje er ei god løysing i dette tilfellet.

– Vi vurderte å stengje halve køyrebana, men då hadde det blitt så mykje stogg i arbeidet at det ville teke mykje lenger tid. For trafikantane sin del er det mest effektivt og vil skape minst ulempe om vi stengjer heile vegen og blir ferdig med arbeidet, seier Hjellen.

Det er ikkje lokal omkøyring på staden, men i staden to lengre omkøyringsruter. Dette er fylkesveg 620/618 mot Selje, eller riksveg 651/riksveg 15 via Nordfjordeid opplyser Vegvesenet.

Hald deg oppdatert på trafikken på Vegvesen.no eller NRK.no/trafikk.