Hopp til innhold

Her blir turgåaren berga

Mannen som stod skorfast på Viefjellet er berga.

Redningsaksjon på Viefjellet

BERGA: Mannen i midten av 20-åra var byrja å bli kald då han vart henta opp i redningshelikopteret.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Han gjekk seg fast tett oppunder toppen. Der er det både bratt og snø, fortel operasjonsleiar Espen Gulliksen hos Vest politidistrikt i Florø.

Redningshelikopteret vart kalla ut like før klokka 15. Då hadde den skorfaste mannen i 20-åra meldt i frå om at han var byrja å bli kald.

Viefjellet er 709 meter høgt. Det er eit populært turmål med fleire stiar til toppen.

– Han hadde kome noko vekk frå stien. Den går like ved der han gjekk seg fast. Men det er ikkje hjelp i kor nærme stien er, når det både er glatt og vanskeleg å ta seg fram, seier Ben Vikøren hos Hovudredningssentralen på Sola.

Mannen vart i 1530-tida heisa opp i redningshelikopteret. Politiet opplyser like etter at mannen var kald og noko dårleg kledd. Han blir lagt inn på sjukehuset til observasjon.

Laster Twitter-innhold