Hopp til innhold

Trond blir friskare i det vesle fengselet i Vik – no kjem frykta for kutt

VIK (NRK): Trond fullfører dommen sin i Vik fengsel mellom fjord og fjell i Sogn, og han er klar på kva som fungerer best av små og store fengsel.

Trond, Vik fengsel

HELLER VIK ENN BERGEN: Små forhold i Vik har gjort at Trond har det betre mentalt. Den same hjelpa kunne han ikkje ha fått i det langt større Bergen fengsel.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Då eg kom til Vik var eg psykisk prega. Eg har nytta tida her til å bli frisk – eller betre i det minste.

Han kjem frå jobb i den mekaniske verkstaden for å møte NRK i kapellet. Dette er ikkje det første fengselet han ser innsida av.

– Eg har vore i Bergen fengsel, og Vik fengsel kan hjelpe på ein måte som andre, større fengsel ikkje kan, seier Trond.

No fryktar Kriminalomsorgen nedbygging av små fengsel i distrikta.

Uroleg for konsekvensane av sentralisering

– Det er ein frykt me må ta på alvor. Det er sterke krefter som jobbar for å stenge ned opne fengsel, seier Asle Aase, leiar i Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund.

Systematisk nedbygging av mindre fengsel, kallar han regjeringa sitt framlegg til neste års statsbudsjett. Å byte ut mindre distriktsfengsel med større, sentraliserte fengsel kan føre til at dei mest utsette fangane får det dårlegare.

– Me treng kompetanse og pengar. Om me ikkje har det på plass så driv me eit eksperiment der me ikkje veit kva konsekvensane er om sju–åtte år.

Tove Lislelid, sosialkonsulent, Vik fengsel

HO SER DEI INNSETTE: Små forhold og ein stad der alle kjenner alle er nøkkelen til suksess i kriminalomsorga, meiner sosialkonsulent Tove Lislelid.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Å bli sett i kvardagen

– Kome seg opp om morgonen, få i seg frukost, kome seg ut av cellene og i aktivitet.

Sosialkonsulent Tove Lislelid meiner dette er oppskrifta på god mental helse i fengselet. Ho og fengselsleiar Roy Stadheim kan vise til gode resultat i den vesle bygda.

– Å drive fengsel i distrikta er det mest gunstige med tanke på rehabilitering, seier han.

Høyrer ikkje på forskarane

– Det er heilt openbert at det blir opplevd som betre og meir konstruktivt å sitje i små fengsel, seier Thomas Ugelvik, professor i kriminologi ved Universitetet i Oslo.

Små fengsel er oftare lågsikkerheitsfengsel og det kan påverke kven som sit der og korleis miljøet blir. Resultata er likevel eintydige, og han meiner politikarane ikkje lyttar til forskinga.

– Om den varsla politikken om å legge ned små fengsel blir ein realitet så høyrer ein ikkje på forskarane, seier han.

– Ikkje sentralisering

Frida Melvær (H) sit i justiskomiteen på Stortinget. Ho meiner regjeringa sin politikk ikkje kan beskrivast som sentralisering.

– Det som ligg til grunn for nedskjeringane er at me har overkapasitet på opne soningsplassar. Å bruke titals millionar på tomme plassar ser ikkje me som formålstenleg. Me vil heller styrke tilbodet for dei innsette.

Trond skal feire jul i Vik fengsel, men håpar å sleppe ut rett etterpå. Og ikkje minst så håpar han å ikkje hamne tilbake att. Opphaldet her har hjelpt på det, trur han.

– Eg heiar veldig på denne typen fengsel.

Roy Stadheim, fengselsleiar Vik fengsel

KJEMPAR FOR SIN METODE: Roy Stadheim, leiar i Vik fengsel, håpar kriminalomsorga blir desentralisert i større grad, og håpar politikarane skal løyve pengar til utviding av fengselet.

Foto: Raymond Lidal / NRK