Hopp til innhold

Her bergar «påskeharen» Stein-Erik påska

– Dette er berre fantastisk. No kan vi feire påska som vi plar, strålar pappa Kjartan Palmarsson og Soldis Lilja (4).

Gode råd vart dyre då påsketradisjonen til den islandske familien stod i fare.

SJÅ VIDEO: Stein-Erik har tidlegare år vore «julenisse» på julaftan, men i dag opna han for første gong dørene på påskeaftan for å hjelpe den islandske familien. – Det er klart at vi lyt hjelpe om vi kan, seier han. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

For gode råd vart dyre då dei spesielle påskeegga frå Island var komen til Førde, men ikkje kunne hentast.

På sjølvaste påskeaftan kunne familien på fire likevel byrje planlegginga av påsketradisjonen.

– Eg vaks sjølv opp med denne tradisjonen, og vi ynskjer å føre den vidare til borna. Så no skal vi rett heim å gøyme påskeegga, og leite dei fram att i morgon, gliser Kjartan.

Viktig tradisjon

Kjartan og Soldis Lilja med påskeegga

NØGDE: Kjartan Palmarsson og dottera Soldis Lilja (4) gler seg til å komme heim med påskeegga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det skulle vise seg å vere lettare sagt enn gjort, då kona Hafdís Helgadóttir fekk hentevarselet for pakken onsdag før påske. Sjølv var ho på jobb og etter å ha sjekka opningstidene til Handelshuset, konstaterte ho at pakken kunne hentast i dag .

Den gang ei. For sjølv om butikkar held ope på påskeaftan, held postkontoret stengt.

– Eg blei litt trist då eg oppdaga det. Tradisjonar er jo viktige, spesielt for oss som ikkje bur heimlandet lenger, fortalde Helgadóttir til NRK.

Påskehare Svein-Erik

Men Posten skal fram, som det heiter i reklamen og dagleg leiar Arne Rørvik fann ei løysing på det heile då NRK ringde og fortalde historia. Løysinga, eller rettare sagt «påskeharen», var Stein-Erik Sevaldrud.

Like over klokka 10 opna han dørene for Soldis Lilja og Kjartan.

– Vi fekk ein førespurnad om å hjelpe familien, så dette er berre kjekt. Eg skulle uansett til Førde for å handle, så dette er så lite att, seier han etter å ha gjeve Soldis Lilja kartongen med dei smakfulle påskeegga frå Island.

– Kjenner du deg litt som påskeharen no?

– Ja, eg gjer det, men dette er berre kjekt. Det er så mykje negativ elles som skjer, så når vi kan vere med på noko positivt så er vi det.

– Han er ein flott fyr. Tusen takk, Posten, smiler Kjartan og tek med seg pakken med påskeegga ut døra.