NRK Meny
Normal

Her blir Sogn Avis-redaktøren tatt på senga

Jan Inge Fardal sat utan forventningar på sitt aller første landsmøte for Landslaget for lokalaviser. Utan forvarsel vart han – og Sogn Avis – kveldens hovudperson.

Jan Inge Fardal - Årets lokalavis

JUBLANDE GLAD: Jan Inge Fardal med diplomet som beviser at avisa hans er årets lokalavis.

Foto: Landslaget for lokalaviser

– Det var fantastisk kjekt. Overraskande. Eg vart tatt skikkeleg på senga. Eg hadde ikkje tenkt at vi kunne vinne, seier Fardal til NRK dagen deretter.

Blant drygt 110 medlemsaviser vart Sogn Avis laurdag kveld kåra til Årets lokalavis i Norge. Avisa kunne nyleg også feire at dei var einaste avis i Sogn og Fjordane som auka opplaget i 2015.

Vann på første forsøk

– Vi har nett meldt oss inn i LLA. Ein skulle sende inn fire utgåver. Eg tenkte at det var no fort gjort, men eg hadde ikkje tenkt av vi kunne vinne noko, fortel Fardal.

Saman med 250 andre bransjefolk benka han seg dermed utan dei heilt store forventningane i konferansesalen på Fornebu.

– Eg har hatt inntrykk av at LLA har hatt mest fokus på design og ein fin bladbunad. Der er ikkje vi. Vi driv ei rein nyheitsavis med fokus på innhald og aktivitet.

Men då førehandsfavoritten Hallingdølen, som dei siste åra har utmerka seg med nybrottsarbeid og kreative designløysingar berre fekk heiderleg omtale, då byrja Sogn Avis-redaktøren å vakne i stolen.

Nyheitsavis

Juryen med Harald Stanghelle frå Aftenposten, frilansjournalist og språkarbeidar Tiril Rem og Klassekampen-redaktør Bjørgulv Braanen, kåra avisa på Hermansverk som årets lokalavis og legg vekt på nyheitsarbeidet.

«Sogn Avis er ei særdeles rik og variert avis. Avisa har levande debattsider, gode spaltistar og kronikkar og ein fin helgeseksjon. Likevel er ho først og fremst ei mangfaldig og effektiv nyheitsavis med fint nyheitstrykk og god seksjonsinndeling.», heiter det mellom anna i grunngjevinga.

Eit 50-tals aviser deltok i kåringa.

Rosar dei tilsette

– Dette er ein jury med kompetanse. Det er kjekt å bli sett pris på av folk som kan faget, fastlår Fardal.

Han strekar under at avisdrift ikkje er noko einmannsshow.

– Vi er eit team. Dette er ein lagsiger. Vi har bak oss eit veldig bra år der folk har lagt ned stor innsats kvar dag.

– Og no blir det kake?

– Dette må markerast til veka. Det kan du vere trygg på, forsikrar Fardal som ikkje har tenkt å kvile på laurbæra.

– Prisen er ein inspirasjon. Men vi har utruleg mykje å plukke opp frå andre for å utvikle oss vidare. Vi skal først og fremst vere ei nyheitsavis, lovar Sogn Avis-redaktøren.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser