Hopp til innhold

Her blir nesten ingen sjuke

Aurland kommune er ein av dei kommunane i landet med lågast sjukefråvær. Til saman hadde Sogn og Fjordane tre kommunar blant dei ti friskaste.

Aurlandsvangen

LÅGT FRÅVÆR: Aurland er ein av dei kommunane i landet med lågast sjukefråvær.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Det er svært positivt at vi kjem så høgt på lista. Då eg såg tala vart eg veldig glad, seier ordførar Noralv Distad i Aurland kommune.

Noralv Distad

GODT EKSEMPEL: Noralv Distad seier næringslivet i Aurland gir kommunen noko å strekke seg etter når det gjeld sjukefråvær.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det er NHO som har samla inn tal om sjukefråværet i heile landet i samband med sitt kommune-NM som Dagens Næringsliv omtalte torsdag kveld. Aurland kommune var den sjette beste på sjukefråvær, Distad synest desse tala er viktige.

– Det er veldig viktig at vi har friske innbyggarar som tek vare på helsa si og trivst på arbeidsplassane sine. Desse tala tyder på at dette er tilfellet her i Aurland.

Kan lære

Årdalstangen

TOPP TI: I tillegg til Aurland var også Årdal (biletet) og Gulen av dei ti kommunane som hadde lågast sjukefråvær i landet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sjukefråværet i Aurland ligg i dag på fire prosent, om lag to prosentpoeng lågare enn landsgjennomsnittet og eit knapt prosentpoeng høgare enn Utsira, som hadde lågast fråvær med 3,1 prosent.

Sjølv om tala i Aurland kommune er mellom dei beste i landet, er Distad klar på at det kan bli betre.

– Vi må rette ein stor takk til det private næringslivet som tydelegvis har lagt vekt på å skape gode arbeidsmiljø. Innan det offentlege er sjukefråværet i kommunen på 5,1 prosent, noko som er høgare enn i det private. Vi har absolutt noko å lære av og strekke oss etter.

På lista over dei 10 kommunane med minst sjukefråvær finn vi også to andre frå Sogn og Fjordane. Det er Årdal med 4,3 prosent på 8. plass og Gulen på 10. plass til 4,4 prosent.

På det jamne

Jan Atle Stang i NHO

GODE PÅ MYKJE: Jan Atle Stang seier at ein har enkeltkommunar som gjer det godt innan dei fleste kategoriane i kommune-NM.

Foto: Pressefoto/Moment studio

Sjukefråvær er berre ein fleire kåringar som til saman utgjer NHOs kommune-NM.

Regiondirektør for Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, seier ein i Sogn og Fjordane er svært flinke på sjukdomsfråvær. Der er altså både Aurland, Årdal og Gulen mellom dei ti beste i landet, men Stang seier at ein ikkje er best på alt.

– Stort sett ligg vi på det jamne, men så har vi nokre kommunar som gjer det bra. Til dømes gjer Leikanger det svært godt på målingar av utdanning. Sjølvsagt har vi også kommunar som gjer det mindre bra, men alt i alt er vi definitivt ikkje det fylket som kjem dårlegast ut, seier Stang.