Hopp til innhold

Her blir han kvitt «spøkjelset»

I over 36 år har Jon Navarsete hatt matchvinnartrøya frå cupfinalen 1976 liggjande heime. Heilt til i dag.

Bjørn Dahl får cupfinaletrøya frå 1976.

HEM: Etter 36 år i Sogndal, kjem denne Brann-trøya endeleg «hem» til Bergen. Jon Navarsete (t.h.) overrekkjer trøya til Bjørn Dahl.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Før Sogndal sin lagnadskamp mot Brann på Fosshaugane, overrekte NRK sin Sogndal-kjennar, Jon Navarsete, trøya til tidlegare dagleg leiar i Brann, Bjørn Dahl.

– Takk, takk. Når gullet ikkje kjem «hem», så skal i alle fall denne komme «hem», smilte Dahl.

Glas og ramme

Dahl jobbar i dag for bemanningsselskapet Proffice, og gjestar Fosshaugane i samband med sesongavslutninga mellom dei to vestlandslaga. Kor mange poeng bergensarane får med seg frå Fosshaugane står att å sjå.

Men matchvinnar Bjørn Tronstad si trøye frå 1976-finalen mellom dei to laga, får dei i alle fall.

– Det er jo eit klenodium, og eg hadde nok fått fleire tusen om eg hadde selt den. Men den høyrer heime i glas og ramme på Brann sitt fantastisk flotte museum, seier Navarsete.

Gløymer aldri

Han var sjølv involvert i situasjonen der Tronstad sette inn 2–1 oktoberkvelden for 36 år sidan på Ullevaal stadion.

Oskeladden Sogndal tapte, men Navarsete sikra seg drakta til Brann sin store helt.

– Den situasjonen har gått opp att og opp att på netthinnene nokre gonger. Ballen som kjem høgt mot meg, eg som går opp for å stange ballen vekk og keeper som ropar «eg har den». Når eg går ned, så er Tronstad der, seier Navarsete.

– Gløymde trøya

– Brann har no vore fleire gonger her på stadion, men først no du leverer den tilbake?

– Den har jo ligge på loftet i nokre år, og eg har gløymt den. I sommar kom vi i snakk om trøya, så no var tida inne. Du kan seie at spøkjelset er kome ned frå loftet og ut.

Medan Brann har lite anna enn æra å spele for i dag, må Sogndal vinne for å sikre seg eliteseriespel 2013. I tillegg må også Sandnes Ulf eller Hønefoss gå på tap.

– Trur du dette betyr lukke for Sogndal i dag?

– Hehe ... Det står att å sjå, men vi får håpe, avsluttar Navarsete.

SOGNDAL: Nils Kenneth Udjus, Eirik Skaasheim, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Per Egil Flo, Malick Mane, Henrik Furebotn, Stèphane Badji, Ørjan Hopen, Azar Karadas, Ulrik Flo

BENKEN: Leif Lysne, Taijo Teniste, Eirik Bakke, Ruben Holsæter, Tonny Brochmann, Stian Dyngeland og Ricardo Santos.

BRANN: Jørgen Aarre Mohus, Birkir Sævarsson, Zsolt Korcsmar, Simen Wangberg, Erdin Demir, Kristoffer Barmen, Fredrik Haugen, Kristoffer Larsen, Erik Huseklepp, Bård Finne, Kim Ojo.

BENKEN: Øystein Øvretveit, Kjetil Kalve, Jonas Grønner, Erik Mjelde, Chukwuma Akabueze «Bentley», Amin Askar.