NRK Meny
Normal

Her blir fylkets første datasenter offisielt opna

LUSTER (NRK): Det har vore ein draum i snart sju år, men i dag vart fylkets første datasenter offisielt opna.

Edvin Brun og Runar Oseberg Grøtting

DEI TILSETTE: I BlueFjords er det to tilsette. – Eit datasenter har ikkje så mange tilsette, men det skapar mange arbeidsplassar å drifta det, seier sal og marknadssjef i BlueFjords, Runar Oseberg Grøtting (t.h). Til venstre står dagleg leiar i firmaet, Edvin Brun.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Dette er ein stor dag. Vi har jobba lenge med dette og endeleg er vi i mål, seier dagleg leiar i BlueFjords, Edvin Brun.

På Tørvis hotell i Luster var mange samla til opninga. Gjestane bestod av alt frå aksjonærar og investorar, til noverande og potensielle kundar.

200 000 berbare datamaskiner

Datasenteret har vore i full drift sidan 1. juli i år og blir brukt til å lagre og prosessere store mengder data. Lagringskapasiteten svarar til 200 000 berbare datamaskiner.

Eit datasenter er avhengig av store mengder straum og god kjøling for å halda drifta i gong.

BlueFjords opning

OPNA: Ordførar i Luster, Ivar Kvalen (f.v.), fylkesordførar Jenny Følling og dagleg leiar i BlueFjords, Edvin Brun.

Foto: Rune Andersen / Privat

– Vi ligg rett ved ein kraftstasjon, og har då tilgang på veldig mykje straum. Derfor er dette ein ideell plass å legge eit datasenter, seier Brun.

– I tillegg til god tilgang på straum, har vi her tilgang på kjøling frå den kalde bre-lufta. Då vi starta opp her var det planar om vasskjøling frå brevatnet, men ny teknologi gjorde luftkjøling mogeleg, legg han til.

Under planlegginga vart fleire andre plassar vurdert, men valet datt til slutt ned på Jostedalen i Luster. Det er ordførar Ivar Kvalen godt nøgd med.

– Dette er ein stor dag for kommunen og eg trur det vil trekke mange kompetansearbeidsplassar på lengre sikt, seier ordføraren.

Store planar

Med første byggetrinn på plass kan leiarane i BlueFjords no snakke om kva som er målet for framtida.

– Vi har plass til over ti senter til på den tomta vi har og vi har straumtilgang til over 20. På kort sikt håpar vi på å få på plass eit senter til, på lang sikt vil vi gjerne fylle tomta vår, seier Brun med eit smil.

Dagfinn Bach

NØGD KUNDE: Dagfinn Bach er grunnleggjar og styreleiar i Bach Technology. Firmaet hans var eit av dei første kundane til BlueFjords datasenter, og han er strålande fornøgd med løysinga dei tilbyr.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Ein av dei første kundane til BlueFjords var Bach Technology, som valde å bruke eit norsk datasenter, framfor løysingar i utlandet.

– Utan gunstige straumprisar og tilgang på mykje straum hadde det vore vanskeleg å bygge datasenter i Norge. Verdas datasenter og datanettverk brukar i dag sju til åtte prosent av verdas energi og i enkelte land kan det bli kritisk, seier grunnleggjar av Bach Technology, Dagfinn Bach.

Anlegget i Jostedalen har hatt ei kostnadsramme på 35 millionar kroner.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.