Hopp til innhold

Her blir ferja slept til land etter stor oljelekkasje

Ein stor oljelekkasje førte til akutt brannfare om bord i ferja MF «Melderskin». Ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg vil vere i drift igjen frå klokka 14.45.

Melderskin på slep etter oljelekkasje

UTE AV DRIFT: Det har vore ein stor oljelekkasje i motorrommet til MF «Melderskin». Dei måtte få hjelp av slepebåt.

Foto: NRK-tipsar

– Det oppstod det ein stor lekkasje på ein hjelpemotor om bord på MF «Melderskin». Den lekkasjen var slik at det blei spreidd utover heile maskinrommet. På grunn av brannfaren valde vi å stanse hovudmotoren, og ferja blei taua til land, seier Inge André Utåker i Norled til NRK.

Ferjesambandet er no innstilt for bilar, men det blir sett opp skyssbåt for passasjerar mellombels.

– Vi er i gang med å bemanne MF «Bjørnefjord» som er reserveferje. Ho vil bli sett inn på sambandet så raskt vi kan. Mannskapet vil vere på plass innan ein time, så skal ferja klargjerast for seglas. Så må ferja segle frå Brekke i Sogn og ned til Fensfjorden og ta opp ruta.

– Når kan denne vere på plass?

– Om vi er veldig optimistiske så kan den vere der mellom tolv og eitt i dag. Men det er for tidleg å love noko tidspunkt enno, seier Utåker.

MF «Melderskin» blei bygd for reiarlaget Askøy-Bergen i 1985, og har seinare segla for HSD, Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og no Norled.