Hopp til innhold

Her blir ekstraferja tilpassa ferjekaia

Onsdag kveld vart ekstraferja som er sett opp mellom Vik og Vangsnes tilpassa den gamle ferjekaia i Vik. Det betyr at ekstrarutene går også når det er fjøre.

Tilpassing av MF «Sognefjord»

Onsdag ettermiddag vart MF «Sognefjord» bygd om slik at den skal kunne legge til kaia i Vik og ved fjøre.

Foto: Ole Petter Ramberg

– At Fjord1 og Vegvesenet møtte opp ved kaia på kveldstid for å tilpasse ferja til den gamle ferjekaia var ei positiv overrasking. Det set vi veldig pris på, seier Ole Petter Ramberg som er teknisk sjef i Vik kommune.

Natt til tysdag dundra digre steinar ned på riksveg 13 i Galden. Raset skil Vik frå Vangsnes og vil halde vegen stengt dei komande dagane. Difor er det sett opp kriseruter med passasjerbåt og ferje for å knytte Vik til omverda. Ramberg fortel at dei i Vik er vande til brot i kommunikasjonslinjene.

– Vi er vande med både stengt veg over fjellet og med at det kan skje noko med ferja. Når slike ting skjer så stiller alle gode krefter opp for å gi gode løysingar for innbyggarane i Vik. Det ser vi her og.

Slik er raset på riksveg 13

STORE STEINAR: Det var steinar på storleik med bilar som dundra ned i vegbana ved Galden natt til tysdag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Rutetilbod som opplyst

Tysdag vart det sett inn passasjerbåt mellom Vik og Vangsnes, og onsdag morgon vart og ei av ferjene frå sambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes sett inn på strekninga.

Onsdag ettermiddag og kveld vart ferja innstilt ein periode, då det vart klart at ferja måtte tilpassast den gamle ferjekaia i Vik. Ramberg seier at det no er gjort.

– Vi oppdaga at MF «Sognefjord» ikkje passa til den gamle kaia i Vik ved fjøre. Det førte til at mange avgangar ville falle bort, så no er ferja bygd om. Rutetilbodet skal vere slik Fjord1 har opplyst om frå torsdag morgon. Då held den blir riksvegen og pendleruta opne.