NRK Meny
Normal

Her blir det ventetid og kolonnar

Frå neste veke blir det igjen ventetid og kolonnekøyring, for arbeidet med å installere DAB/FM og naudnett i dei to tunnelane mellom Fjærland og Sogndal held fram.

Frudalstunnelen

BLIR VENTETID: Arbeidet startar måndag 18. januar, og vil gå frå måndag til torsdag fram til månadsskiftet februar/mars.

Foto: Statens vegvesen

– Anleggsarbeida i Bergstunnelen og Frudalstunnelen på riksveg 5 byrja i haust, og no er det elektrodelen som står for tur. Det skal utførast arbeid med infrastrukturen både i og utanfor tunnelane, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Arbeidet startar måndag 18. januar, og vil gå frå måndag til torsdag fram til månadsskiftet februar/mars.

Slik blir det jobba:

Måndag til onsdag er arbeidstida 07:00 til 17:30 . Torsdag blir arbeidet avslutta klokka 15:00. I desse tidspunkta kan det bli ventetid på inntil 30 minutt, og kolonnekøyring.