NRK Meny
Normal

Her blir det luftig å spasere over

I dag kom delane til hengebrua på klatrestien i Loen på plass. Snart kan folk gå over den 100 meter lange brua med 150 meter fritt fall under.

Turistar som har behov for litt ekstra spenning kjem til å få det i Loen i Stryn.
For mellom ruvande fjellsider skal det no byggjast ei hengjebru - 700 meter over havet..

Norges råaste hengebru

Klatrestien opp til fjellet Hoven bak Hotel Alexandra - også kalla Via Ferrata - er spektakulær og er på kort tid blitt svært populær blant folk som ikkje lir altfor mykje av høgdeskrekk.

Hengebru på Via Ferrata i Loen

LUFTIG: Slik skal brua over Loen ta seg ut når ho er ferdig om eit par veker.

Foto: Loen Active

No skal stien få ein ny dimensjon, ei hengebru over eit gjel. Fjellet er reinska for stein der brufesta skal vere, og idag løfte eit helikopter opp dei første elementa til brua, fortel Erik Brendefur, som er dagleg leiar i Loen Active.

– Vi opna Via Ferrata Loen i fjor sommar. Når vi har sagt A, må vi og seie B. Vi har hatt i planane våre at vi skal bake inn ei bru i prosjektet. Så vi har bestilt ei bru frå Austerrike, den kom til Loen i forrige veke.

Via Ferrata-utsikt i Loen

PRAKTFULLT UTSYN: Slik blir utsynet for dei som vågar å gå over hengebrua.

Foto: Steinar Lote / NRK

730 meters høgde

I alt veg bruelementa seks tonn. Tysdag kveld kom fire arbeidarar til Loen. Onsdag vart dei og bruelemeta flogne opp i fjellsida. Til saman åtte-ni tonn med element og utstyr vart frakta opp med helikopter. No skal brua byggjast i 730 meters høgde over eit gjel.

– Dette er profesjonelle folk frå Austerrike, dei var her for to år sidan og bygde Via Ferrata. Dei kjenner området og fjellet, så dette har vi veldig god tru på.

– Dei kan ikkje ha mykje høgdeskrekk?

– Nei, men Via Ferrata er ikkje så skummelt som det høyrest ut. Vi har hatt oppe niåringar og 80-åringer. Det er berre gode tilbakemeldingar, folk skryt og tek flotte bilete og video, det er berre vellæte. Med brua blir det ekstra spektakulært.

– Når blir brua ferdig?

– Ring meg om to veker, så kan eg invitere til visningstur over.

Hoven i Loen

SETT NEDEFRÅ: Via Ferrata og brua over gjelet er markert.

Foto: Loen Active