Hopp til innhold

Her blir det junior-NM i slalåm

I 2019 møtest juniorar til noregsmeisterskap i slalåm i Jølster. Tidlegare har dei måtte avlyse slike arrangement på grunn av snømangel.

Jølster skisenter på Vassenden i Jølster

NM: Her blir det junior-NM i 2019. Så sant det blir snøføre.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dette er veldig kjekt for Jølster Alpin og Sogn og Fjordane skikrins, seier rennleiar, Atle Hamar i Jølster Alpin.

Jølster og Voss deler junior-NM i 2019. NM i storslalåm blir lagt til Voss, medan juniorane i slalåm skal møtest i Jølster. Meisterskapen samlar kring 150 alpinistar.

Ikkje uroa for snømangel

Også i 2014 fekk Jølster arrangere FIS-renn og junior-NM. Den gongen måtte det heile bli flytta til Voss, fordi det mangla snø. Det same skjedde også tidlegare i år, då dei måtte seie frå seg store renn. Likevel er ikkje Hamar ikkje uroa for at det skal bli eit problem.

– Det er ikkje ein vinter som er lik den førre. I vinter hadde Jølster Skisenter ope veldig mange dagar, trass forferdeleg vêr, seier han.

Atle Hamar

RUSTA: Atle Hamar seier dei er klare for å arrangere rennet og trur dei har god kontroll.

Foto: Rune Fossum / NRK

Dei treng om lag 50 frivillige for å gjennomføre, men dei har lang erfaring med å arrangere renn, så Hamar trur dei er godt rusta for å ta på seg denne oppgåva.

– Den nedste delen av skisenteret blir sagt av ein del trenarar at er ein av dei beste slalåmprofilane. Så dette trur eg blir bra, seier Hamar.

Hamar seier det er ei ekstra fjør i hatten å få arrangere NM. Han meiner det vil bli meir deltaking enn på andre FIS-renn og trur det vil dra mange folk.

– Dette blir kjekt både for skikrinsen og for overnattingsnæringa og andre at vi får tilreisande, seier han.