Hopp til innhold

Her blir det ikkje rare ventetida

Frå klokka 13 går det fire ferjer på ferjesambandet Lavik – Oppedal.

Lavik sett frå ferja

OFTE: I dag går ferja kvart 15. minutt frå ferjekaien på Lavik.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Dette er ein av 12 dagar i året der vi skal ha fire ferjer inne på sambandet, seier regionsjef Ferjer i Norled, Inge Andre Utåker.

I tillegg til Ampere, Oppedal og Stavanger, vart også reserveferja Bjørnefjord sett i drift frå søndag ettermiddag. Fram til klokka 1930 går det no ferje kvart 15. minutt.

– Tilseier trafikken at det er behov for fire ferjer i dag?

– Det skal vi sjå på når statistikken blir klar, men eg vil nok tru at det kanskje er større behov andre utfartsdagar som ved påske og pinse. Men vi stiller ikkje spørsmål ved dette. Vi har kontraktfesta fire ferjer i dag.

Kaptein Frode Andersen på Oppedal seier at trafikken no har byrja å ta seg noko opp på sambandet. Også laurdag var det ei ekstraferje på sambandet. Då var det tre ferjer.

– Vi hadde rimeleg bra med trafikk også i går, så eg reknar nok med at trafikken har fordelt seg godt over desse to dagane. Til no har vi tatt godt unna, seier Andersen.

Kapteinen ventar at trafikken vil halde fram å ta seg opp utover ettermiddagen.