Hopp til innhold

Her blir det 20 minuttar mellom avgangane

GLOPPEN (NRK): Først frå 2018 kan samferdsleministeren få 20-minuttsavgangar på Anda – Lote. – Vi ynskjer det tidlegare, men det er lite overskotsmateriell i ferjemarknaden, seier han.

Samferdsleminister Ketil Solvik Olsen på Anda

IKKJE NO: Ketil Solvik-Olsen (Frp) ynskjer, men kan ikkje garantere 20 minuttsavgangar før i 2018.

Foto: Silje Guddal / NRK

Stortinget har vedteke 20-minuttsavgangar frå 1. januar 2017, men det ser det ut som om reisande kan skyte ei lang pil etter.

Allereie i mai vart det kjent at. hyppigare avgangar truleg blir utsett . No verkar det sikkert.

Statssekretær Tom Cato Karlsen og samferdsleminister Ketil Solvik Olsen

LYTTA: Statssekretær Tom Cato Karlsen og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg kan ikkje garantere noko før i 2018. Då vil det ver ein ny konsesjon og det skal vere to ferjer, seier Ketil Solvik-Olsen.

Ny teknologi

Regjeringa ynskjer å prøve ut miljøteknologi på ferjesambanda, og Anda – Lote er blant sambanda som skal trafikkerast av ei utsleppsfri ferje.

– Den andre kan vere lågutslepp, gå på biogass eller liknande. Ein må ha beredskap i tilfelle straumbrot, seier Solvik-Olsen.

Med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) bak rattet er representantar frå Høgre, Frp og Statens vegvesen på E39-turne.

– Ingen gutetur

På den 1 500 kilometer lange sommarturneen møter ministeren eit vell med folk. Innspela tek han med seg til tigerstaden og arbeidet med budsjett og Nasjonal Transportplan.

– Det er ikkje gutetur, forsikrar han. Forsikre gjer han også når det kjem til E39 og ein potensiell omkamp.

For både i Eid og Gloppen håpar dei framleis på bru etter at regjeringa gjekk for ein ny indre trase for E39.

Ingen omkamp

Enkelte håpar at dess lenger ein ventar på brua i indre, jo større blir sjansen for ein omkamp om fjordkryssing og traseen.

Anniken Rygg orienterer Solvik-Olsen om Gullkista

ORIENTERING: Anniken Rygg i Gloppen Høgre orienterer statsråden og statssekretær Tom Cato Karlsen om situasjonen for «Gullkista» ved Breimsvatnet.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg opnar ikkje for noko omkamp, men vi har vedteke ei betre ferjeavløysingsordning der vi heller brukar kostnadane samfunnet har ved å drifte ferjer, på bru, seier Solvik-Olsen og ikkje vil forskottere korleis Anda – Lote kjem ut i eit 40-årsperspektiv.

Ambisiøs NTP

Samstundes er statsråden klar på at noko må gjerast med Sandane – Byrkjelo, der spesielt «Gullkista» ved Breimsvatnet peikar seg ut.

Der ligg vegen som han gjorde då vegen stod klar i 1936.

– Eg forstår ynsket veldig godt. Vegen held ikkje den standarden vi ynskjer. Samstundes er det mykje av E39 som ikkje held den standarden vi vil ha. Då gjeld det å finne ei fornuftig prioriteringsrekkefølgje i Nasjonal Transportplan. Og planen vi jobbar med no blir meir ambisiøs enn dagens, seier han.