NRK Meny
Normal

Her blir alpintalentet kasta rundt i lufta

Åge Solheim brukar verdas beste alpinist som motivasjon for å komme tilbake etter det stygge fallet. Skaden har sett han ut av spel til over sommaren.

Åge Solheim blir kasta rundt i storslalåmløypa under svensk meisterskap.

KASTA RUNDT: Åge Solheim hektar i ein port og blir kasta rundt under den svenske meisterskapen i storslalåm.

– Mange har komme sterkare tilbake. Eg håpar eg kan bli ein av dei, seier Åge Solheim.

Under den svenske meisterskapen i alpint gjekk det gale for Åge Solheim. Midtveges i storslalåmløypa mista han kontrollen og fekk seg eit rundkast. Det vart brot i leggen.

Snart tre veker seinare ligg han i sofaen heime i Nordfjord. Foten er gipsa frå kneet og ned. 20-åringen har fått operert inn ei plate og ei skrue.

– Det var ikkje eit ope brot, men relativt komplisert. Eg må ha to operasjonar til for å ta ut plate og skrue. Men det kunne ha vore verre, seier Solheim.

Håpar å vere tilbake til oppkøyringa i august

Alpintalentet låg an til å vinne norgescupen då uhellet skjedde. Han er sett på som ein av dei mest lovande løparane frå Sogn og Fjordane sidan starten av 80-talet.

No slår han i hel tida med å lese til eksamen i mai. Fredag skal han ta av gipsen, og om fire veker kan han kaste krykkene. Først om tre månader er han kvitt skruen i leggen.

– Eg kan byrje å trene igjen om fire veker, og så håpar eg at eg er tilbake på ski i august. Då mister eg ikkje så mykje av oppkøyringa – så sånn sett kom skaden på det beste tidspunktet. Eg har sommaren på meg, seier Solheim.

Åge Solheim med foten i gips heime i sofaen

MÅ BRUKE TID: Åge Solheim reknar med at han kan vere tilbake på ski i august. Inntil vidare er han oppteken med å lese til eksamen i mai.

Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Brukar verdas beste som motivasjon

Han er først og fremst spent på kva skadeperioden vil få å seie for lårmuskulaturen. Men han er overtydd om at vi skal få sjå ein endå betre utgåve av alpinisten allereie til vinteren.

– Mange har komme sterkare tilbake. Eg håpar eg kan bli ein av dei, seier Solheim.

Han viser til Aksel Lund Svindal, som mellom anna har slege kraftig frå seg etter akillesskade. No er verdas beste alpinist på veg tilbake etter det stygge fallet i Kitzbühel i vinter.

– Skader gjer noko med deg. Det set ting i perspektiv. Eg vil vise at eg framleis kan gjere det bra, og samstundes kan eg trene på ting eg ikkje er så god på – som mentale ting og slikt, seier Solheim.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast