Hopp til innhold

Her blir 20 sauer forsøkt stole i ein hengar

Ein mann i 40-åra blei teken på fersk gjerning då han forsøkte å stele 20 sauer på Hemsedalsfjellet sundag føremiddag.

sauetyveri

FORSØKT STOLE: – Eg vart sjokka. Eg kan nesten tru ikkje at folk får seg til å gjere slikt. Det er verkeleg frek, seier sauebonde Knut Johan Jansen. Etter at han hadde ringt politiet, tok han eit bilete av sauene i hengaren.

Foto: Knut Johansen Hansen.

– Då eg fortalde at dette var mine sauer, blei han heilt paff. No er eg avslørt, sa han, fortel sauebonde Knut Johan Jansen.

Jansen var nett komen opp på Hemsedalfjellet for å sjå til sauene sine sundag føremiddag då han såg ein mann stå å lokke sau etter sau inne i ein tilhengar langs vegen.

Mannen hadde fått 20 av Jansen sine sauer opp i tilhengaren då han blei stoppa.

La seg flat

– Eg lurte fælt på kva i alle dagar han dreiv med. Då svara han at skulle levere sauene til nokon. Men då eg spurte kven, ville han ikkje svare.

Jansen fortalde til slutt at det var hans sauer, og sa at han kom til å ringe politiet.

– Då eg fekk politiet på tråden gav eg telefonen vidare til mannen som la seg heilt flat.

– Alvorleg

Klokka var 0930 då politiet blei varsla om det noko uvanlege tjuveriet på fylkesgrensa, sundag føremiddag.

– Det er jo eit alvorleg forsøk på tjuveri dette her. Det er tjue sauer, så det er snakk om store verdiar, seier Wenke Hope ved politiets operasjonssentral.

Laster Twitter-innhold

Korta på bordet

Mannen som blei teken på fersk gjerning er ifølgje politiet ein norsk mann i 40-åra. Han la raskt alle korta på bordet, og har vedgått overfor politiet at han forsøkte å stikke av med sauene.

For politiet har han forklara at økonomisk vinning var motivet bak tjuveriet. Saka blir meld til politiet over helga.

Jansen seier at det heile var ei ubehageleg oppleving.

– Eg vart sjokka. eg kan nesten tru ikkje at folk får seg til å gjere slikt. Det er verkeleg frekt.