Hopp til innhold

For dei er hausten synonymt med naglebiting

Like sikkert som at haustlauvet gulnar, er det igjen duka for naglebiting i fotballbygda Sogndal.

Like sikkert som at haustlauvet gulnar, har eliteserielaget Sogndal igjen hamna i nedrykksstriden.

SJÅ TV-SAK: Etter ein god vårsesong, har ikkje Sogndal vunne på åtte kampar. Igjen må sogndølane bu seg på ein haust med mykje naglebiting.

Sogndal leverte ein solid vårsesong. Sidan har laget teke to av 24 moglege poeng på åtte kampar.

Når bjørkene i Sogndal kler seg i haustfargar, dalar fotballaget på tabellen. Igjen må sogndølane bu seg på naglebiting til siste spark.

– Vi slepp ikkje inn så hakkande gale, men det blir ikkje eit einaste mål her. Det verkar som om det skjer det same som i fjor sommar, seier Jan Arild Jakobsen.

Falmar med hausten

For hos far og son i skobutikken i Sogndal, er det andre ting enn skosalet som gir grunn til uro. Hausten krev tapre smil frå fotballglade sogndølar.

For haustsesongen i år har som i fjor vore svært poengfattig. Då Sogndal tok sommarferie etter 2–0 over Vålerenga, var det med 18 poeng frå 13 kampar. Avstanden til kvalifiseringsplass var åtte poeng.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Laster innhold, vennligst vent..

Åtte kampar seinare er poengfangsten oppe i 20, og laget er på kvalifiseringsplass. Med berre eitt poeng ned til Brann på nedrykksplass.

– Vi falmar med hausten. Men det var ein god kamp i går. Det må seiast, legg Jakobsen til.

Trenaren har trua

Jakobsen siktar til siste seriekamp på Fosshaugane. Ein kamp der Sogndal viste oppløftande takter, men likevel spelte sin åttande seriekamp utan nettkjenning.

Det fekk derimot gjestene frå Lillestrøm, som dermed gjorde situasjonen endå vanskelegare for Sogndal.

Eirik Bakke

PÅTROPPANDE: Eirik Bakke tek over som Sogndal-trenar når Jonas Olsson takkar av etter sesongslutt.

Foto: NRK

Påtroppande trenar i Sogndal, Eirik Bakke, risikerer å arve eit 1. divisjonslag.

– Eg trur Sogndal er eit Tippeligalag neste sesong. Eg håpar det i alle fall, seier han.

Toler ikkje pausane

Men i skobutikken der mange kjem for å prate fotball, har nedrykksspøkelset meldt sin innkomst. Slik det har gjort dei siste sesongane.

– Alt såg så positivt ut i vår. Med 18 poeng tidleg. Då tenkte vi endeleg ein haust der vi kan få det litt okay, seier Jakobsen og får samtykkande nikk frå Vidar Vadseth i supporterklubben Saftkokaradn.

– Men det var det same i fjor også. Dei toler ikkje pausane. Då fell dei saman, seier han.