Hopp til innhold

Berga tre poeng med fingertuppen

Stefan Hagerup har halde nullen i alle sine 270 minutt for Sogndal. Nysigneringa har gjort at laget har merka lite til at Dyngeland og Sukke er ute av spel.

Stefan Hagerup

FINGERTUPPEN: Det var heilt på fingertuppen, seier Hagerup om redninga som berga tre poeng mot slutten av kampen mot Ranheim i går.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi er svært nøgde med Stefan, og han har stått som ein påle, seier trenar Eirik Bakke.

Hagerup (21) har stått tre kampar for Sogndal. Det har enda med null baklengs og ni poeng på seks dagar, seinast med 1–0 sigeren mot Ranheim i går. Mot slutten av kampen varta han opp med ei kanonredning som berga tre poeng for ein nervøs trenar.

– Vi hadde heldigvis ein keeper som varta opp med ei fantastisk redning, seier Bakke.

– Det var heilt på fingertuppen, ja, seier Stefan Hagerup.

Gir forsvaret sin del av æra

Førre fredag vart Hagerup klar for Sogndal, etter ein svært rask prosess for å løyse keeperkrisa som oppstod fordi Mathias Dyngeland slit med skade og Christian Sukke har kyssesjuken.

– Det har vore ein god start for meg. Men det er ikkje berre mi forteneste at vi ikkje har sleppt inn mål. Det er fantastisk jobbing defensivt frå heile laget. Vi slepper nesten ikkje til motstandarane. Då blir jobben min mykje lettare, seier Hagerup.

Han får støtte frå trenaren.

– At han ikkje har sleppt inn mål skuldast sjølvsagt også at vi har eit svært bra forsvarsspel, seier Bakke.

Hagerup om kampen mot Ranheim

– Fin plass for å halde fram karrieren

Sogndal hadde fleire sjansar til å auke leiinga mot Ranheim, men då dei ikkje gjorde det vart sluttminutta på Fosshaugane nervøse.

– Det var berre å organisere forsvaret og halde dei på tå hev, når Ranheim flytta opp folk, seier Hagerup.

– Kva tenkjer om framtida i Sogndal: du har fått ein god start?

– Ja, eg har lyst å spele fotballkampar og utvikle meg vidare. Sogndal er ein fin plass for meg å halde fram karrieren min.