Hopp til innhold

Her berer dei unge eldsjelene ei heilt spesiell flamme

Som einaste plass i fylket fekk Stryn besøk av OL-elden fredag kveld. Den er på Noregsturne´ i samband med Ungdoms-OL som går av stabelen på Lillehammer.

Fakkelstafett i Stryn
Foto: Roger Vik

Ekstra stas vart det gjort på fylket si unge eldsjel, Lorentz Fannemel. Han skal også vere fakkelberar under opningsseremonien i Ungdoms-OL på Lillehammer. Fredag fekk han prøve seg under fakkelstafetten.

– Den er litt tung da, ler Fannemel og legg til at han set stor pris på å få halde OL-elden.

Som hoppinstruktør er han med å trene mange unge utøvarar.

– Det er veldig motiverande og veldig kjekt å vere med å sjå når dei meistrar nye ting, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Som einaste plass i fylket har Stryn fått besøk av OL-elden i kveld. Den er på Norgesturne i samband med Ungdoms-OL som går av stabelen på Lillehammer.

Det er dei unge eldsjelene som vert markert i Stryn denne fredagen. Eit stort fakkeltog med over 50 nasjonar er samla. Miriam Flo er ein av dei sju eldsjelene som får bere OL-elden under fakkelstafetten her.

– Det er ikkje kvar dag at OL-elden kjem til Stryn. Og det blir nok siste gongen og, seier Flo og ler.

(Artikkelen held fram under)

Ein ny OL-fakkel er på veg rundt i landet. No gjeld det ungdoms-ol på Lillehammer. I dag er den i Stryn.

SJÅ TV-SAKA: Ein ny OL-fakkel er på veg rundt i landet. No gjeld det ungdoms-OL på Lillehammer. Og i Stryn i dag har dette blitt ein spesiell dag for unge brennande sjeler.

Med elden i heimbygda

Flo skal vere frivillig under ungdoms-OL på Lillehammer. Sist OL-elden var i Norge, var ikkje 17-åringen født.

– Ein får litt sommarfuglar i magen av å halde fakkelen. Å ta den med seg til heimbygda er ikkje noko eg hadde forventa, og når eg har lagt ned mykje tid, hjelpt folk og ordna ting i bygda, så synest eg det er ganske stort at elden er her, seier ho.

Gje eldsjelene «kred»

Også på plass i Stryn i dag var OL-helten Kjetil André Aamodt. Han var sjølv i elden på Lillehammer for over 20 år sidan. Han lovprisar innsatsen til unge eldsjeler.

– Eg trur det er viktig å fokusere på unge eldsjeler og gje dei «kred» for det dei gjer. Så kan kanskje dei vise veg for andre også, slik at fleire vil vere frivillige og hjelpe til i norsk idrett, seier Aamodt.

– Det er kjekt å bidra i lokalsamfunnet og sjå at andre lykkast, seier Miriam Flo.