Hopp til innhold

Her beit storlaksen med ein gong!

EIDSELVA (NRK): I natt opna laksefisket. I Eidselva er to storlaksar 13 og 16 kilo fasit etter dei første timane. Finn Berg skildrar møtet med sin rugg slik at alle kan forstå:

Finn Berg

FISKELUKKE: Finn Berg med eit smil som fortel alt om korleis det følast å kjempe mot og vinne over 13 kilo med musklar.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er nesten like godt som «prikk, prikk, prikk», sa Berg like etter storfisken var på land.

Her kan du høyre heile kampen med storlaksen direkte:

– Det sa pang!

Irvin Yri og Roar Halkjelsvik

RUGG: Det var ikkje småtteri Irvin Yri (t.v.) drog opp av elva. Roar Halkjelsvik kleppa fisken.

Foto: Harald Kolseth / NRK
Roar Halkjelsvik

KLEPPAR OG FISKAR: Tidleg på natt tok Halkjelsvik denne på 4,7 kilo.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ikkje lenge før Berg sin fangst, fekk Irvin Yri ein på 16,3 kilo. Det vart ein hard kamp.

– Det gjekk føre seg her. Det var action og show. Når det blir sopass stort, skal det litt til, seier Yri, framleis andpusten etter kampen med storfisken.

Han tok laksen då han kasta heilt over på andre sida av elva.

– Det sa pang! Det var ikkje noko napping der i garden! Det var eit skikkeleg laksehogg. Eg gjekk fram og tilbake her ei stund og var ikkje klar over kor stor han var.

Måtte «safe» for å få han opp

Når han såg ryggen på fisken, skjønte han at det var «skikkeleg fisk». Han brukte rundt ein halv time på å få opp fisken,

– Det var ein stor fisk og ein sterk fisk. Så eg måtte «safe» litt, seier Yri.

Roar Halkjelsvik, som sjølv fekk ein fisk på 4,7 kilo tidleg på natta, kleppa fisken for Yri.

– Det gjekk for så vidt greitt, eg måtte ha eit par, tre forsøk. Han er utruleg tung, og når han ligg tungt i elva, er det eit skikkeleg løft. Men det gjekk bra, Irvin var veldig nøgd, ler han.

– Riktig avgjerd å opne elva

Sjef for sportsfiskarlaget, Svenn Morten Eikeset, fekk sjølv ein sjøaure på 4,6 kilo like over midnatt. Henning Langeland tok ein laks på 8,8 kilo. Ein god start på laksesesongen i Eidselva. I fjor var det ein elendig sesong. Eikeset meiner likevel det var rett å starte fisket som vanleg i år.

– Ja, elveeigarlaget har teke avgjerda på riktig grunnlag. Vi hadde gytefisktelling, og grunnlaget var berekraftig.

Det har vore mykje opp og ned i Eidselva dei siste åra, men den første dagen i år lovar godt.

– Det er stor fisk som er teken, og det skapar optimisme for dei som skal ta turen til Nordfjord og Eidselva.

Desse elvane opna 1. juni i Sogn og Fjordane: Eidselva, Flekkeelva, Gaula, Nausta, Årøyelva, Osenelva og Åelva/Ommedalselva, Årøyelvi.