NRK Meny
Normal

Skulane braka saman i rein adrenalinrus

Fredag kveld var det igjen klart for det årlege arrangementet Arena Bowl i Førde. Med utselde billettar og lokale kjendisar på plass, var det duka for ein heidundrande kveld i Førdehuset.

Nervar i høgspenn og pumpande adrenalin. Amerikansk fotball i Førdehuset var ei intensiv oppleving for både spelarar og tilskodarane.

FARTSFYLT: Nervar, adrenalin og rivalisering var ingrediensar i kampen mellom Øyrane og Hafstad v.g.s som vart spelt i Førdehuset i går.

For femte året på rad kjempa Øyrane mot Hafstad v.g.s. i idretten arena bowl.

Det er ei utgåve av amerikansk fotball som blir spelt innandørs, og som byr på mykje fart og spaning.

– Det er ofte små marginar i dette spelet og det har vore jamne kampar dei siste åra, men Hafstad har vunne fire år på rad, så i år hadde det vore kjekt om Øyrane gjekk av med sigeren, sa Robin Marvik Gjesdal, arrangør og dagleg leiar i foreininga Rein rus, til nrk.no før kampen.

Populært og rusfritt

Med fartsfylt spel og god pauseunderhaldning er Arena Bowl eit populært arrangement. Tribunane i idrettshallen i Førdehuset rommar om lag 800 personar, men likevel var det rift om billettane.

– Medelevar og foreldre er jo sjølvsagt å finne blant publikum, men dei siste åra har vi sett at elevar frå grunnskulen òg tar turen til Førdehuset. I tillegg kjem ein del eldre, så her er det mange slags folk, fortel Gjesdal.

Det er Rein rus som står bak Arena Bowl. Dei ynskjer å vise ungdom at ein kan ha gode opplevingar i lag utan rus. Med Arena Bowl håpar dei å heller gjere ungdomane "rusa" på trening og idrettsglede.

Krevjande og dyrt

Sjølv om Rein rus arrangerer Arena Bowl, er det ungdomane sjølve som lagar det til. Til dømes har spelarane og heiagjengane (cheerleadarane) stått for billettsalet.

Billettprisen er på 100 kr, og pengane går til å dekke utgiftene til arrangementet. Utstyr til amerikansk fotball er dyrt, og det kostar med halleige, underhaldning og trening. Det er ein krevjande sport og spelarane trenar éin gong i veka heile året.

– Det går akkurat rundt, seier Gjesdal.

Ung underhaldning

Pauseunderhaldninga var det unge, lokale talent som stod for. Frida Roska og Vilde Torheim Skjerdal song, og gruppa Vrengt dansa seg gjennom pausane.

Pokalen til vinnarlaget frå Øyrane v.g.s. vart delt ut av kjendisbloggaren Kristine Ullebø frå Førde.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser