Hopp til innhold

Her avgjer dei kven som har den raskaste bilen

Motorfestivalen i Stryn i helga baud mellom anna på eit spektakulært oppgjer mellom ein Tesla og Dodge Dart.

Svidd gummi på motorfestivalen i Stryn

SVIDD GUMMI: Stor fart og spektakulære doningar trekkjer mykje folk til Motorfestivalen i Stryn.

Foto: Arne Hjelle Strand / Droneservice AS

Denne helga er eit stort høgdepunkt for alle med interesse for fart og spenning. I Stryn har dei satsa på at lage til eit skikkeleg familiearrangement og alt er gratis.

–Vi prøver å få samle folk i alle aldrar med interesse for motor. Det har vore svidd gummi og god stemning, seier Per Roset, som mellom anna hadde ansvaret for motorshowet under arrangementet.

Viktig møteplass for bilinteresserte

I år er det niande året dei arrangerer. Det byrja i det små, sidan har festivalen vakse både i deltakarar og publikumstal.

– Første året var det ikkje så veldig stort, men vi prøvde å samle dei vi kunne. Sidan så har det berre vekse på seg, seier Roset.

Dragrace i Stryn

HØGDEPUNKT: Dragracet var eitt av høgdepunkta under festivalen

Foto: Per Roset / NRK

Han seier festivalen er ein kjærkomen møteplass, der folk kan mingle og prate om den felles lidenskapen.

– Det er absolutt mange motorinteresserte i Sogn og Fjordane, men vi har liksom ikkje hatt ein arena der folk kan møtast. Det er veldig viktig, seier han.

Legendarisk oppgjer

For han var dragracet, der dei raskaste bilane skulle kårast, eit høgdepunkt. Deltakarane var delt opp i to klassar, for to- firehjulstrekk, og målet var legge bak seg 60 meter raskast mogleg.

I år var det duka for eit oppgjer mellom ein gamal amerikansk bensinslukar og ein elbil i superklassen ein Dodge Dart modell 1969 mot ein flunkande ny Tesla.

Til slutt var det Dodgen som tok bestetida på 3,69 sekund, medan Teslaen kneip andreplassen

– Men det viser at elbilane kan køyre raskt dei òg, seier Roset.

Rufsete deltakar

BILPARADE: Ein rufsete men stilig deltakar under bilparaden gjennom Stryn sentrum.

Foto: Per Roset / NRK