Hopp til innhold

Flagget til Fylkesbaatane hogd i stein

Minner frå ei svunnen tid hogd i stein. I raudt, kvitt og blått med orda «FSF (For evig!)». I dag var det avduking av flagget på 150 kg i Rysjedalsvika.

Avduking

FESTDAG I HYLLESTAD: Kring 100 frammøtte fekk med seg avdukinga av det gamle flagget til Fylkesbaatane hogd i stein.

Foto: NRK-TIPSAR

– Vi må ta vare på historia vår, og ta den med inn i framtida. Flagget blei eit symbol på endringar, seier Hyllestad-ordførar Morten Askvik.

Nær 100 menneske var samla på ferjekaia i Rysjedalsvika. Der var det avduking av eit heller spesielt kunstverk. Det gamle flagget til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane er hogd i stein og skal henge på kaihuset.

– Rett og slett eit stilig kunstverk. I eit stort fullformat får du eit godt inntrykk. Du kan til og med sjå det frå sjøen, seier Askvik.

Kunstnarane bak det heile er Torbjørn Løland og Oddvar Torsheim, og såg dagens lys etter at nokon fjerna eit liknande verk tidlegare.

– Oddvar Torsheim laga ei teikning i Lavik som blei tatt vekk i fjor, som om det var hærverk. Eit sånt kunstverk skal ikkje fjernast utan vidare, noko mange i Hyllestad var einige i. Då måtte vi finne på noko nytt som ville vare, så dukka ideen om å hogge det i stein for at det skal vere evig, fortel Askvik.

Fylkesordførar avduka kunstverket

Avduking

AVDUKA FLAGGET HOGD I STEIN: Fylkesordførar (t.h.) avduka kunstverket. Her saman med Oddvar Torsheim.

Foto: NRK-TIPSAR

Under den høgtideleg markeringa på kaia i Rysjedalsvika var det fylkesordførar Jenny Følling (SP) som avduka kunstverket.

– Det at nokon tek vare på historia set eg pris på. Dette er ein del av identiteten til folk, seier Følling.

Følling heldt tale for dei frammøtte, og peikte spesielt på historia om ferdsel på havet.

– Kunstverket vil vere ei dagleg påminning om historia for alle som ferdast på ferjekaien i Rysjedalsvika, vår felles kulturarv og dette kunstverket vil stå som eit landemerke.