Hopp til innhold

Folketalsnedgang i 14 kommunar - 12 aukar

Vi vart 70 færre sogn- og fjordingar, og veksten i dei store sentra har stagnert. Men folketalstatistikken for andre kvartal av 2014 har også uventa lyspunkt.

Høyanger tettstad

VINNAREN: Høyanger hadde størst folketalsvekst i andre kvartal av 2014.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Mens store kommunar som Førde, Flora og Sogndal alle går tilbake, har Høyanger, som har slite i motvind sidan Fundo-konkursen i 2009, auka folketalet med 26 personar.

– Ei kjekk melding å få. Vi registrerer at fleire no søkjer seg heim att til både oppvekstsektoren og helse og omsorg, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap).

Mykje av statistikken er derimot lite lystig lesnad.

Einaste fylke i minus

For første gong på fleire år går det samla folketalet i Sogn og Fjordane tilbake på Statistisk sentralbyrå sin tabell for andre kvartal.

Ved utgangen av juni hadde 108.972 personar folkeregistrert adresse i fylket. Det er 70 færre enn ved årsskiftet, og Sogn og Fjordane er einaste fylke som går tilbake.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Publikum i Førdehuset

FÆRRE: Folketalet i Sogn og Fjordane gjekk ned med 70 personar i andre kvartal. Nedgang er det også i Førde, der dette biletet er teke under ein handballkamp i Førdehuset.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Sogndal mest tilbake

12 kommunar har nedgang i folketalet. Ikkje minst gjeld det dei store vekstsentera som dei siste åra har utgjort motvekta i ei eit fråflyttingstruga fylke.

Fylkets mest folkerike kommune, Førde, mista 23 innbyggjarar. Flora -15 og Vågsøy -19. Størst er likevel nedgangen i Sogndal som har mista 40 innbyggjarar på tre månader.

I Eid og Stryn auka derimot folketalet med høvesvis 10 og 22 nye innbyggjarar. Det er likevel mindre vekst enn i Høyanger. Ingen andre kommunar har betre utvikling enn industrikommunen i andre kvartal.

Petter Sortland

GRUNN TIL Å SMILE: Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Foto: Privat

– Inspirerande, meiner ordførar Sortland som i tillegg til at fleire unge har flytta heim, forklarer deler av veksten med auka innvandring.

Trur pendlarar kan gi vekst

Etter å ha vore ein utprega innpendlar-kommune, der industrien har trekt til seg folk frå nabokommunane Balestrand og Gaular, trur Sortland Høyanger i framtida vil markere seg som eit godt alternativ for dei som pendlar ut til jobb.

– Vi ligg greitt til og er nær Førde. Vegane blir stadig betre, mellom anna ser vi at det blir jobba på E39 gjennom Gaular. No må vi intensivere jobben med å legge til rette for bustader og bustadbygging.

– Er jobben med å snu trenden etter Fundo-konkursen no gjort?

– Nei, på ingen måte. Jobben er på langt nær gjort. Vi har fått slike tal tidlegare også Folketala går opp og ned. Men det er svært gledeleg å sjå at vi også har fødselsoverskot. Det blir fødd fleire enn dei som døyr, seier ordføraren.

Folketal pr. 30. juni:

  • Sogn og Fjordane 108.972 (-70)
  • Solund 799 (-5)
  • Gulen 2309 (4)
  • Hyllestad (1393 (3)
  • Høyanger 4199 (26)
  • Balestrand 1314 (7)
  • Vik 2680 (-8)
  • Leikanger 2265 (3)
  • Sogndal 7609 (-40)
  • Luster 5079 (3)
  • Aurland 1729 (15)
  • Lærdal 2178 (-2)
  • Årdal 5477 (-19)
  • Fjaler 2839 (-7)
  • Gaular 2942 (10)
  • Førde 12.706 (-23)
  • Askvoll 2992 (3)
  • Jølster 3060 (-20)
  • Naustdal 2792 (1)
  • Flora 11.796 (-15)
  • Bremanger 3912 (-20)
  • Gloppen 5706 (-5)
  • Stryn 7173 (22)
  • Hornindal 1217 (3)
  • Eid 5938 (10)
  • Selje 2780 (3)
  • Vågsøy 6088 (-19)

Kjelde: SSB.no