Hopp til innhold

Henting av bos i det blå

Boset ditt vert truleg henta som normalt fram til fredag, men kva som skjer etter helga er framleis uvisst.

RenoNorden

FLEIRE KOMMUNAR I TRØBBEL: På måndag slo renovasjonsselskapet RenoNorden seg sjølv konkurs. Sidan då har kommunar over heile landet jobba på spreng for å unngå kaos.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

– Vi klarar ikkje å sjå lenger enn til slutten av veka. Vi har bilane og arbeidsfolk i gang for å hente boss til og med fredag, seier styreleiar i Sunnfjord Miljøverk (SUM), Oddmund Klakegg.

Mange frykta for kva som ville skje med boset til folk etter at det i går vart kjent at RenoNorden har slege seg sjølv konkurs.

Avfallsselskapa i Sogn og Fjordane har jobba på spreng for å unngå kaos. No er det sikra henting av bos ut veka i både Sunnfjord og Nordfjord.

– Vi har vore i kontakt med bustyrar gjennom dagen. No blir drifta ført vidare fram til fredag, seier Kristen Hundeide, som er styreleiar i Nordfjord Miljøverk (NoMil).

Oddmund Klakegg

PUSTEROM TIL FREDAG: Sunnfjord Miljøverk vil hente boset til sine kundar fram til fredag, seier styreleiar for selskapet, Oddmund Klakegg.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Uvisse i Sogn

I Sogn ventar dei i spenning på kva som skjer når bustyrar får oversikt.

– Vi veit ikkje så mykje før bustyrar har bestemt seg. Fram til det går rutene som planlagd, seier Halvard Thommasen, som er direktør for Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap (SIMAS).

Det interkommunale avfallsselskapet i Nordhordland, Solund og Gulen melder på sine nettsider at dei ikkje veit korleis resten av veka blir, men at boset inntil vidare vert henta som normalt. Selskapet ber kundane i Solund og Gulen om å vere tolmodige.

Simas

UVISST KVA SOM VIL SKJE FRAMOVER: Halvard Thommasen, direktør for Simas, seier det er usikkert kva som skjer med søppeltømminga framover.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

Har plan B

RenoNorden hentar søppelet til innbyggjarane i alle kommunar i Sogn og Fjordane, med unnatak av i Flora og Årdal. Fleire av dei interkommunale selskapa har tenkt på ein plan B.

– Vi jobbar med ei løysing om å ta over bilane og dei tilsette, seier Thommasen i SIMAS.

Både NoMil og SUM er inne på same tanken.

– Vi har sett på dette med å betale for drivstoff til bilane og sikre tilsette løn, seier Klakegg, som er styreleiar i SUM.

I SIMAS har ein mogleg konkurs vore diskutert i fleire månader.

– Vi fekk signal om dette i mai og tatt det opp gjentatte gonger i styret, likevel kom det brått på oss då det først skjedde, seier Thommasen.