Hopp til innhold

Hentar ny afrikanar på prøvespel

Sogndal har bestemt seg for å teste den beninske landslagsspissen Isaac Loute (19) før overgangsvindauget stengjer.

Isaac Loute

TIL SOGNDAL: Isaac Loute kjem etter planen allereie tysdag ettermiddag. Då skal han vise seg fram for klubben på trening den siste veka før seriestart.

- Han er rask, lettbeint, god teknisk og sterk i kroppen. No vil vi sjå han på trening i ein periode framover, seier Trond Fylling til Sogn Avis.

  • Har Sogndal gode nok spissar? Sei di meining i kommentarfeltet under saka.

Kjem til Sogndal allereie i dag

NRK Sogn og Fjordane fortalde for snart to veker sidan at Sogndal hadde signalisert interesse for 19-åringen frå Benin.

Den gongen var Fylling unnvikande, men no er Isaac Loute venta til Sogndal i løpet av tysdagen.

Har tilbod frå fleire klubbar

Loute er fødd i Nigeria, men bytte ifølgje Sogn Avis statsborgerskap til Benin i 2010. Der har han spelt seg inn på landslaget.

- Eg har jobba med å få han til Sogndal sidan november, og no ser det ut til å gå i orden, seier Trond Fylling til avisa.

Også andre klubbar skal ha synt interesse for spissen. Mellom anna skal han ha eit ståande tilbod frå ein klubb i Dubai.