Hentar inn 18 vitne for å felle terrortiltalt kvinne (31)

Påtalemakta vil føre 18 vitne frå inn- og utland for å felle ei terrortiltalt kvinne busett på Nordfjord.

  • I ein tidlegare utgåve av denne saka var det nemnt ein stad i Nordfjord der kvinna skal ha budd. Dette er no endra.

Rettssaka mot den første terrortiltalte kvinna i Noreg startar i Oslo tingrett måndag.

Strafferamma i saka mot den 31-årige kvinna er fengsel i 12 år. Kvinna stiller seg avvisande til tiltalen.

Pågripen i Italia

Statsadvokat Marit Formo i Sandefjord tingrett.

TERRORTILTALE: Statsadvokat Marit Formo ved Det nasjonale statsadvokatembetet har teke ut tiltale mot ei somalisk kvinne for deltaking i IS.

Foto: Anne Melsom Bjerke / NRK

Frå den kommunale bustaden i Nordfjord skal kvinna ifølgje tiltalen på ulike måtar delteke i terrororganisasjonen Den islamske stat i Irak og Levanten (ISIL) i vel eitt år frå juni 2016. Politiet si sikkerheitsteneste (PST) meiner kvinna ville slutte seg til terrorgruppa då ho vart pågripen i Italia i november 2017.

Kvinna har sete varetektsfengsla sidan ho vart utlevert til Noreg 5. desember same år.

Statsadvokat Marit Formo ynskjer ikkje å kommentere rettssaka før den startar måndag. Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med kvinna sin forsvarar, Steingrim Wolland.

– Ho er heilt avvisande til tiltalen, og nektar for planar om la seg rekruttere til IS, eller at ho ville til IS-land, sa Wolland til NRK då tiltalen vart kjend før jul.

Kallar inn 18 vitne

Dei første dagane av saka er sett av til påtalemakta si innleiing og kvinna si forklaring. Påtalemakta har kalla inn 17 vitne, samt ein sakkunnig som skal fortelje retten om kvinner si rolle i terrororganisasjonen.

Det er kalla inn vitne får norsk og utanlandsk politi. Det er også personar kvinna var i kontakt med i nordfjordbygda og på eit asylmottak i Austerrike like før ho vart pågripen.

NRK har likevel grunn til å tru at analyse og gjennomgang av elektroniske bevis blir mest sentralt for påtalemakta når dei ynskjer å få kvinna dømd for terrordeltaking.

Fantaserte om åtak

Mellom anna fann politiet ei oppskrift for å lage ei bombe, samt ein instruks for korleis ein steg for steg kan lage eksplosiv heime på kjøkkenet, på kvinna sin mobiltelefon.

Kvinna kom til Noreg i 2013 og flytta to år seinare til Nordfjord. Det var her PST meiner at ho vart rekruttert til IS.

Frå den kommunale bustaden meiner politiet at kvinna ved fire høve ha overført pengar til tre personar knytte til terrororganisasjonen.

Ein av mennene vart i april i fjor dømd til års fengsel i England. Mannen ville slutte seg til IS og fantaserte om å drepe dåverande statsminister David Cameron og dronning Elizabeth, samt å utføre åtak mot fotballfans og eit jødisk samfunn i hovudstaden.

Det var då politiet kom på sporet av kvinna.

Oslo tingrett har sett av fram til 1. februar til rettssaka.