Hopp til innhold

Hentar energi til ny innsats frå glade publikummarar

SKJERJEHAMN (nrk.no): Ein ellevill idé blei til ein suksessrik festival. For Utkant-sjef Viggo Randal har sommarfestivalen i Skjerjehamn blitt ein viktig del av livet.

Viggo Randal

GLAD SJEF: Viggo Randal inviterer til musikkfest i Gulen for sjuande gong.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Med karakteristisk sixpence og kaffikoppen i handa tek festivalsjef Viggo Randal seg tid til ein liten pause nede ved sjøkanten.

Ute på fjorden har dei båtfarande festivalsjefen funne seg til rette, medan fleire tusen andre er på veg mot nok ein festivalkveld her heilt ute i havgapet.

– Det har så langt vore heilt legendarisk, det er nesten litt Ibiza-kjensle å vere her bortsett alle dei plagsame engelskmennene, seier Viggo Randal og ler.

Heile familien er med

På festivalen er heile familien i arbeid. Kona Berthe og borna er alle engasjerte i ulike oppgåver, og alt er slik det skal vere på festival der dei fleste som bur i området må bidra for at dette skal bli ein suksess.

– Det er veldig mykje i livet mitt som dreier seg om festivalen her. Alt dreier seg om Utkant no i desse dagar. Eg trur nok at om du ser på kvar Skjerjehamn er plassert og ser på alle utfordringane som ligg i det å lage ein festival her, så er det som gjer festivalen litt unik. Ein blir liksom ikkje berre ein i mengda av festivalar, fortel Viggo.

Hentar energi frå god stemning

At artistane også er nøgde er viktig for festivalsjefen. Dei gjer alt dei kan for å leggje til rette for at kjende – og mindre kjende musikarar skal kjenne seg velkomne på Utkant.

– No i år har det vore heilt panegyrisk. Dei er nærast gråtkvalte når dei går av scena fordi det er så vakkert her. Vi har jo band som har vore på konstant bading etter at dei kom hit. Så det har vore ekstremt gode tilbakemeldingar frå alle i år.

– Men kvar får du energien frå til å gjere dette år etter år?

– Det er berre å sjå seg rundt, så ser ein kor ein finn energi til å halde fram. Det er utruleg gøy å lukkast med noko slikt som dette. For det er jo ingen tvil om at det er ein temmeleg sprø idé å ha ein festival her ute. Men her er det glade menneske, og då finn ein inspirasjon og vilje til å halde fram, seier Viggo.

Nokre hundre meter bak scena ligg festivalcampen. Her har mange tilreisande slege opp telt, mellom anna ein venegjeng frå Hyllestad.

– Stemninga her er kjempefin, og når vi kan sjå og høyre gode artistar, så blir dette veldig bra for oss som tek turen, seier Tina-Marie Hjelmeland og får støtte frå dei andre ho har med seg på tur.

Over 5000 publikummarar så langt

Men medan dei unge camparane ladar opp til nok ein festleg kveld, er Viggo Randal og resten av staben i full gang med å sørge for at publikum i alle aldrar skal føle seg velkomne.

– Seinast i går snakka eg med ei 73 år gamal dame som var på festival for første gong i sitt liv. Ho syntest jo at det var heilt fantastisk. På den andre sida så har vi jo barn og unge som har si første konsertoppleving her, smiler festivalsjefen.

Så langt har langt over 5000 funne vegen til Skjerjehamn og årets utgåve av Utkant.

– Onsdag var det 1814 inne, medan torsdag var det rundt 3700 inne på området. Så det er veldig gode kveld. Det ser jo ut som det blir ganske tett her ute. Vi har jo ikkje plass til så utruleg mange fleire enn dei vi har no. Eg trur nok det blir ganske fullt, og laurdag trur eg nok vi kan søkje om bystatus her ute, ler festivalsjefen.

PS! Er du på Utkant 2014 og legg ut bilete på Instagram? Bruk veldig gjerne emnemerket #nrksf - så kan vi bruke bileta du har teke på festivalen her på nrk.no!