Hopp til innhold

Hentar boset i dag, men er usikre på kva som skjer etter det

Avfallsselskapa i Sogn og Fjordane jobbar no på spreng for å unngå søppelkaos etter at selskapet som hentar søppelet til dei fleste innbyggjarane er konkurs.

Renovasjonsbiler

USIKKER FRAMTID: renovasjonsbilar køyrt av Reno Norden hentar søppel i dag. Etter det er det usikkert kva som skjer.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

– Eg trur og håpar vi skal få til ei god løysing, seier direktør for avfallsselskapet Simas, Hallvard Thomassen.

Hallvard Thomassen

USIKKER: Direktør i Simas, Hallvard Thomassen, seier dei akkurat no ikkje veit kva som skjer med søppelhenting etter i dag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Han lovar at boset vert henta i dag. Utover det lovar han ingen ting. Det same gjeld for dei to andre selskapa i fylket som har kjøpt tenester frå det no konkursramma selskapet RenoNorden. Både NoMil og Sunnfjord Miljøverk lovar altså at boset vert henta i dag, men er usikre på kva som skjer vidare.

– Vi veit ikkje noko om kva dei vil gjere vidare med kontrakten som vi har med Reno Norden, seier Thomassen.

Håpar på rask løysing

Nordens største renovasjonsselskap, RenoNorden, slo seg sjølve konkurs då bankane deira ikkje ville gi selskapet meir lån. Styreleiar i Sunnfjord Miljøverk, Oddmund Klakegg, har god tru på at dei vil finne ei løysing.

Oddmund Klakegg foran Førde rådhus

HAR TRUA: Sunnfjord Miljøverk, Oddmund Klakegg, håper nokon vil ta over drifta av søppelhentinga i Sunnfjord ganske umiddelbart etter at Reno Norden har gått konkurs.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Den kontrakten RenoNorden hadde med Sunnfjord Miljøverk var ei kontrakt dei tente pengar på. Derfor har eg god tru på at dei som tek over dette konkursråka selskapet vil vidareføre kontrakten dei har med oss, seier Klakegg.

Han seier at dagen i dag er mildt sagt interessant.

– Det blir rett spennande å høyre kva som skjer i dag og finne ut kven det blir som tek over buet i selskapet, seier Klakegg.

Klakegg kan ikkje garantere at søppelet vert henta dei neste dagane, men har god tru på at det vert ei løysing.

– Eg forventar at nokon kjem til å ta over drifta på dette, som er ei lønsam geskjeft i vår område i alle fall, seier Klakegg.

Ventar på informasjon

Inge Bent Arnestad

HEKTISK: administrerande direktør i Nordfjord Miljøverk, Inge Bent Arnestad, seier det er hektisk aktivitet for å sjå på moglege løysingar på søppelhenting i deira område i tida framover.

Foto: NoMil

– Vi håper at dette ikkje skal gå ut over kundane våre, seier administrerande direktør i Nordfjord Miljøverk, Inge Bent Arnestad.

Han fortel at dei jobbar hektisk i dag for å finne ut kva som vil skje vidare, men at dei akkurat no må vente på meir informasjon.

Gjer sitt beste

Også i selskapet NGIR, som blant anna har ansvaret for boshentinga i Gulen og Solund, er dei usikre på kva som skjer framover.

– Kva som vil skje onsdag, torsdag og fredag er framleis usikkert. Eg håper at kundane vil vere litt tolmodige med oss, så vil vi gjere vårt beste for å få henta boset, seier dagleg leiar i NGIR, Bjørn Berg.