NRK Meny
Normal

Henta villfarne sauer med trakkemaskin

Dei sju sauene stod i ein meter med laussnø, godt skjulte under ein fjellhammar, då skikøyrarar plutseleg høyrde breking.

Sauer på vinterfjellet

ENDELEG BERGA: Tre søyer og fire lam kom endeleg til gards etter ein strevsam bergingsaksjon på Heggmyrane i Luster. Truleg har dei stått fast sidan snøen kom for fullt for to veker sidan. Her er Sverre Bruheim i gong med å sikre lasta.

Foto: Runar Tørvi / Sogn Skisenter

Anne Marte Kvale

HØYRDE BREKING: Anne Marthe Kvale og veninna var på skitur då dei kom over ein saueflokk i vinterfjellet.

Foto: Privat

Dei to veninnene Anne Marthe Kvale og Åsne Rogstad vart redninga for den vesle flokken. Dei to skientusiastane hadde heilt andre ærend då dei plutseleg møtte den eine av sauene på veg ned fjellsida.

– Det var veldig rart å plutseleg møte ein sau. Eg greidde ikkje heilt å skjøne korleis den hadde kome seg dit. Så gav den frå seg ein lyd, og sidan sauen sa ifrå, så tenkte eg at vi òg skulle gjere det, fortel Kvale.

Dei fekk varsla om funnet og ein ekspert vart sett på saka.

Snø på alle kantar

– Me kallar det Brek og hent, seier Sverre Bruheim.

Han er halvvegs pensjonist frå Sogndal, men hobbyen er å leite opp sauer som bøndene ikkje har fått heim frå sankinga. Det er han og makkaren Torodd Kvam folk ringer.

Ei redningsgruppa vart raskt tromla saman, beståande av frikøyrarane Rune Lunde, Torgeir Sværen Henjum og Lars Olav Halleråker, samt dagleg leiar Runar Tørvi i Sogn skisenter og ringreven sjølv, Sverre Bruheim.

Henta heim sauer

SNART FRAMME: Det tok opp mot to timar å få med seg sauene til trakkemaskina. Arbeidet gjekk trått i den djupe snøen.

Foto: NRK.no-tipsar / NRK

Dei stakkars sauene stod på 600 meters høgde, om lag 70 meter utanfor traseen til skisenteret på Heggmyrane i Luster. Det vart fort klart at vanlege metodar ikkje ville strekke til.

– Det var kolossalt med snø, over ein meter på toppen. Eg måtte krabbe meg framover, for når eg reiste meg opp, så sank eg ned til livet. Heldigvis hadde vi trakkemaskina, elles hadde det ikkje vore sjanse, fortel Bruheim.

Skikøyrar Lars Olav Halleråker var med på berginga og fortel om nokre strevsame timar.

– Det var ikkje mykje tak i dei, vi fekk ikkje akkurat noko hjelp av sauen. Vi måtte løfte og skubbe dei meter for meter, seier han.

Lite lønsam verksemd

Saueflokken vart sikra på trakkemaskina etter beste evne, så bar det ned og rett i fjøset. Det eine lammet hadde stått litt for seg sjølv og var heilt utmagra. Elles var dyra medtekne, men i overraskande god form.

Men Bruheim trur ikkje dei hadde greidd seg lenge slik dei stod.

– Dei hadde daua, det var ikkje sjanse. Det var berre snø rundt på alle kantar og ikkje mykje mat å finne, seier han.

Sjølv om det vart ein dramatisk bergingsaksjon er det langt frå det seinaste funnet han har vore borti

– Å nei, me har funne sauer heilt ut i februar månad, seier Bruheim.

I løpet av ein sesong blir han kalla ut mang ein gong. Men ikkje tru at det er gode pengar i villfarne sauer.

– Me får som regel ein kaffikopp og litt tullprat. Det held i massevis, seier Bruheim.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy