Hopp til innhold

Henta ut skrantesjuk villreinbukk i Nordfjella

Ei endetarmsprøve teke på eit levande reinsdyr viste skrantesjuke-smitte. No er reinsbukken teke ut av flokken for å hindre vidare smittefare.

Hentar ut skrantesjuk villrein

CWD: Reinsbukken vart frakta vekk med helikopter. Forskarane håpar den kan gi meir kunnskap om CWD, sjukdomen som gjer at villreinflokken i Nordfjella må bli slakta ned.

Foto: Petter Braaten/SNO

– Det er ikkje overraskande å finne CWD-smitte hos fleire reinsdyr, sidan dette er blitt påvist på rein her før. Og vi må rekne med at også fleire er blitt smitta, seier Petter Braaten i Statens naturoppsyn.

På oppdrag frå miljødirektoratet henta dei ein villreinbukk frå Nordfjella med påvist skrantesjuke-smitte.

Blir undersøkt i Oslo

Dyret fekk på seg gps-sendar for nokre månader sidan, og samstundes blei det teke

fraktar bort reinsbukken som er smitta med cwd

HELIKOPTER: Reinsbukken vart avliva og teken med til veterinærinstituttet i Oslo.

Foto: Petter Braaten / SNO

vevsprøver frå endetarmen til reinsdyra. Det var denne prøven som viste at bukken var smitta med CWD.

– Det er ganske nytt med tanke på forskinga, at ein kan påvise smitte på levande dyr, seier Petter Braaten.

Dei flaug inn i fjellet med helikopter, og bedøvde bukken med luftgevær. Deretter blei det teke blodprøver og vevsprøver av dyret medan det var i live. Så blei bukken avliva og teke med til veterinærinstituttet i Oslo. Der blir dyret obdusert og forska vidare på.

– Dette er ein unik sjanse til å lære meir om smitta. Veterinærane er ivrige no etter å finne ut meir om denne fæle sjukdommen, seier Braaten.

Fann ein skadd reinsbukk til

Då dei hadde lokalisert reinflokken såg dei også ein annan bukk, som dei blei nøydd til å avlive. Den blei også teke med til Oslo for testing.

– Bukken skilte seg frå resten av flokken og stod ut på eit berg og hang med hovudet. På grunn av åtferda er det interessant og også teste dette dyret for skrantesjuke-smitte, seier Braaten.

Når dyr er smitta av hjernesjukdommen kan dei endre åtferd, og vere meir utsett for å skade seg og liknande. Derfor er det blitt rutine å ta prøver av alle sjuke dyr ein finn.

– Vi mistenkte ikkje CWD hos denne reinen, men det blir testa uansett. Så får vi sjå kva prøvene seier, om også denne var smitta av skrantesjuke, seier Braaten.

Petter Braaten, SNO

SNO: Petter Braaten jobbar i Statens naturoppsyn på Geilo.

Foto: SNO / SNO