Hopp til innhold

Sikta for promille: Krasja i autovernet i Førde - minutt seinare stod bilen i brann i Erdalen

Ein ung mann er alvorleg skadd etter at bilen han førte køyrde av vegen på riksveg 5 ved Erdalen, mellom Førde og Naustdal. Andre bilistar som kom til fekk ut tenåringen medan bilen stod i brann.

Bil i brann i Erdalen

TOK FYR: Personbilen byrja brenne etter utforkøyringa. Bilistar som såg røyk frå vegen kom raskt til og fekk henta ut føraren før bilen stod i full fyr. FOTO/REDIGERING: Ole Andre Rekkedal/NRK.

Politiet fekk like før klokka 21 fredag kveld melding om ei trafikkulukke i området Erdalen, nokre kilometer nordvest for Førde.

Ved Alarmsentralen i Florø stadfesta dei tidleg at dei hadde sendt ut også brannvesenet. Personbilen som køyrde av vegen hadde teke fyr.

Seint fredag kveld får den unge mannen behandling for alvorlege skader ved Førde sentralsjukehus. Politiet har no sikta han for promillekøyring.

Vart hjelpt ut medan bilen stod i brann

Klokka 21.10 opplyste operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt at føraren av bilen var henta ut.

– Det var ein person i bilen som køyrde av vegen, og bilen skal ha byrja brenne. Andre personar som kom raskt til staden har hjelpt føraren, ein mann, ut av bilen, seier Avsnes til NRK.no.

Etter det Avsnes kjenner til var dei andre personane bilistar som såg røyk frå bilen frå riksvegen.

– Mannen har vore bevisst, og blir no kontrollert av helsepersonell på staden, opplyste Avsnes.

Like etter klokka 21.30 opplyste Avsnes at føraren er send til sjukehus i Førde med ambulanse.

– Alvorleg skadd

Like før klokka 23.30 fredag kveld opplyser AMK ved Førde sentralsjukehus at den unge mannen er alvorleg skadd.

Tilstanden til den unge mannen i slutten av tenåra skal vere stabil, og han får seint fredag kveld behandling på intensivavdelinga.

(Artikkelen held fram under)

Bil tok fyr etter utforkøyring på riksveg 5 ved Erdalen mellom Førde og Naustdal

TOTALVRAK: Personbilen er å rekne som totalvrak etter utforkøyringa og brannen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Stod i full fyr då brannvesenet kom

Vaktleiar Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Florø seier dei fekk melding om utforkøyringa og den etterfølgande bilbrannen klokka 20.56. Kort tid etter var brannen sløkt.

– Brannen vart meldt sløkt klokka 21.12. Då brannvesenet kom fram stod den i full fyr, seier han og stadfestar at føraren var ute av bilen før dette.

Sikta for promillekøyring

Ulukka skjedde i området ved avkøyringa til Hesjedalen, og bilen vart liggande på nedsida av vegen, i eit lite elvegjel.

Det skal ikkje ha vore andre køyretøy involvert i utforkøyringa.

– Bilen er å rekne som totalvrak, seier Avsnes hos politiet.

Etter det politiet veit har det ikkje vore vitne til sjølve utforkøyringa. Politiet vil gjere undersøkingar på staden.

Politiet opplyser seint fredag kveld at den unge føraren er sikta for promillekøyring.

Krasja i autovernet åtte kilometer unna

Politiet fekk melding om at eit trafikkuhell med den same bilen, berre vel ti minutt før den alvorlege utforkøyringa i Erdalen.

– Vi fekk kort tid før ulukka melding frå privatpersonar om at ein bil hadde køyrt i autovernet i høg fart i eit bustadområde i Førde, seier Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt som fortel at dei etter denne meldinga sende ein patrulje mot området.

Men berre minutt seinare kom det ei ny melding, om at ein bil hadde køyrt av vegen i Erdalen, vel åtte kilometer unna.

– Det var den same bilen, det veit vi sidan observante vitne hadde notert seg registreringsnummeret, seier Avsnes.

Politiet veit førebels ikkje kor langt ungdomen har køyrt før han køyrde av vegen.

– Dette er noko den vidare etterforskinga vil vise.

– Førsteklasses førstehjelpsarbeid

Dei som kom til å fekk henta ut mannen før bilen stod i full fyr, får ros av politiet for si handlekraft.

– Dei handla resolutt og godt, og vi har snakka med dei og gitt dei ros for innsatsen.

– Dei gjorde ein uvurderleg redningsjobb i dei minutta etter at dei såg røyken og fekk vedkommande ut av bilen. Dette er førsteklasses førstehjelpsarbeid, rosar Avsnes.

Riksveg 5 på staden var ein periode heilt stengd på grunn av ulukka, men frå klokka 21.30 var det opna for manuell dirigering. Klokka 22.10 melder Statens vegvesen at vegen er opna for normal trafikk.

Bil tok fyr etter utforkøyring på riksveg 5 ved Erdalen

SÅG RØYK FRÅ VEGEN: Bilistar som køyrde forbi på riksvegen såg røyk og fekk henta ut sjåføren.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK
Erdalen