Frakta jegerlag på sju personar i traktorskuff – ein sendt til sjukehus med luftambulanse

– Då føraren sette traktoren i revers, kom det eit rykk slik at mannen mista balansen og fall ned mellom skuffen og traktorhjulet, seier innsatsleiar Gunnar Englund hos politiet.

Traktorulukke i Høyanger

SKADD: Det var ei gruppe elevar frå jakt- og fiskelinja ved Nordfjord Folkehøgskule på Sandane som sat på med traktoren. Dei var på jakttur saman med ein lærar og ein lokal guide då ulukka skjedde.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Ein yngre mann vart onsdag føremiddag sendt til sjukehus med luftambulanse etter at han kom i klem mellom skuffen og hjulet til traktoren.

Gunnar Englund

POLITIET: – Vi meiner å ha grei oversikt over kva som skjedde, seier Gunnar Englund hos politiet i Førde.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Det var traktorføraren som sjølv melde frå om ulukka like før klokka 10. Den skadde var frakta vekk då politiet kom til staden ein halvtime seinare.

– Han var bevisst, hadde rørsler i alle ledd, men hadde vondt i ryggen, fortel Gunnar Englund ved politiet i Førde.

Folkehøgskuleelev

Uhellet skjedde då eit jaktlag på sju personar skulle fraktast opp på fjellet ovanfor Frivika, mellom Vadheim og Kyrkjebø i Høyanger. Traktoren hadde køyrt kring halvannan kilometer.

– Føraren er avhøyrt og vi skal ta ein prat med den skadde og andre som kan opplyse om hendinga, seier Englund.

Folkehøgskuleelevar involvert i ulukka ved Frivik i Høyanger

FOLKEHØGSKULE: Dei involverte i traktorulukka i Høyanger var elevar ved Nordfjord Folkehøgskule.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Jegerane er elevar ved jakt- og fiskelinja ved Nordfjord Folkehøgskule på Sandane. Dei var på jakttur saman med ein lærar og ein lokal guide då ulukka skjedde.

Rektor Hildegunn Gjesdal Tennebø seier til NRK at ho ikkje kjenner til kor alvorleg skadd eleven er, utover det ho har lese i media.

– Vi er takksame for at dei fekk rask og god hjelp av naudetatane.

Tennebø skildrar hendinga som ikkje meir dramatisk enn at resten av elevane ville halde fram jakta.

– Det går bra med dei. Dei har med seg lærar og ein lokal guide, og vil halde fram turen.

Ventar på politiet

Rektoren vil førebels ikkje seie noko om måten elevane vart transportert på – sju personar i ei traktorskuffe.

– Eg vil ikkje kommentere dette før eg har snakka med dei involverte og politiet er ferdig med si etterforsking.

– Politiet har snakka med førar av traktoren, som fortel at det var sju personar i skuffen. Det skal ha vore låg fart, fortalde operasjonsleiar Vibeke Næss hos Vest politidistrikt.

Fleire enn lova tillet

Englund seier traktoren stod roleg då føraren sette den i revers. Traktoren flytta seg ein halvmeter etter uhellet.

Politiet har oppretta undersøkingssak, men har ikkje gjort noko førarkortbeslag i saka.

– Det var talet som var litt problematisk. Det blir fort fullt i ein slik skuff. Det er lov å frakte to personar om du har ein kasse bakpå traktoren, seier Englund.

Han ber folk vere varsame når ein fraktar folk med traktor. Og han minner om at det ifølgje Forskrift om bruk av køyretøy er berre lov å frakte to personar i kassen.

– Slikt skjer nok kvar dag kring om i fylket, men ein må vere varsam. Det er fort gjort å vere uheldig. Det er ulendt og rister og skranglar, seier han.

ALMURBAKKANE: Ulukka skal ha skjedd i Almurbakkane mellom Kyrkjebø og Vadheim.