Hopp til innhold

Henta kniven då ho ikkje fekk ta med seg katten

Kvinna vart sjuk og ambulansen ville ta ho med til sjukehuset. Men då personellet nekta ho å ta med seg katten, vart det bråk.

Illustrasjonsfoto.

BRÅK: Utrykkinga vart ei kattepine.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Ei kvinne i 40-åra frå Sogn og Fjordane er dømt til 21 dagar i fengsel på vilkår for å ha truga tilsette på ein ambulanse med kniv, skriv Fjordenes Tidende.

Det var ei natt i april i fjor at kvinna kontakta ambulansen fordi ho følte seg sjuk og hadde problem med å gå. Tre helsearbeidar kom til heimen, og dei såg at det beste ville vere å frakte ho til sjukehuset.

Men kvinna ville ikkje forlate katten.

Katten kunne ikkje sitje att åleine for seg sjølv, meinte ho.

Følte seg pressa

I dommen heiter det at kvinna følte seg pressa av ambulansepersonellet til å reise utan katten.

Så ho henta kokkekniven.

Den retta kvinna mot utedøra mens ho kommanderte ambulansepersonalet til å forlate huset.

Kvinna skal ha vore heilt roleg, men ambulansepersonellet opplevde situasjonen som skremmande og gjorde som ho sa.

Ifølge Fjordenes Tidende står det i dommen at «Ambulansepersonell utfører viktige samfunnsoppgåver og det er i samfunnet si interesse å sørge for at det blir gripe inn mot nokon som ved trugande åtferd søker å påverke personellet si yrkesutøving».

Dommen er på vilkår. Kvinna slepp altså fengsel.