Hopp til innhold

Henta inspirasjon frå Alaska for å sikre verdsarven

Verdsarvrådet for vestnorsk fjordlandskap vil hente erfaringar frå utlandet for å trygge verdsarven. I sommar har dei besøkt eit verdsarvområde i Alaska.

Glacier Bay i Alaska

GLACIER BAY: Turfølgjet frå Norge fekk komme opp i lufta for å sjå Glacier Bay frå fugleperspektiv. Naturen her har mange likskapstrekk med norsk natur, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

Foto: Noralv Distad

Slike erfaringar er viktige, meiner forvaltninga.

– Ein arv skal du ta vare på og sikre for komande generasjonar. Difor er det veldig viktig at vi følgjer med på alt som skjer av utvikling i heile verdsarvområdet, og passar på at det går fint i lag med det å vere verdsarvplass, seier leiar i verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap og ordførar i Voss, Hans Erik Ringkjøb.

Lærer av kvarandre

Tidlegare denne månaden var delar av verdsarvrådet og medlemmer frå dei to lokale organisasjonane rundt Nærøy- og Geirangerfjorden, på studietur til Glacier Bay i Alaska. Glacier Bay er eit stort breområde med eit utbreitt dyreliv. I fjor kom folk derifrå på besøk til Aurland.

Seniorrådgjevar Tom Dybwad hos Fylkesmannen, som har tilsyn med forvaltninga av verdsarven, ser stor verdi i samarbeidet.

Togtur i Alaska White Pass

WHITE PASS: Denne togturen tok reisefølgjet frå den vesle turistbyen Skagway til Glacier Bay.

Foto: Merete Løvoll Rønneberg

– Det er eit fjordområde sånn som det er her i vestnorsk fjordlandskap, og det er relativt få fjordområde som er på verdsarvlista. Vi ser føre oss at vi kan lære av kvarandre, så difor har vi gått vidare med dette arbeidet i lag med Glacier Bay, seier han.

Og han får støtte frå Ringkjøb.

– Eg trur at å få impulsar frå andre land når ein har ein del av dei same problemstillingane, og få ein diskusjon om verdiane som ligg bak ein verdsarvstatus, er veldig nyttig for dei som skal forvalte området.

– Må tenke både økonomi og miljø

Hans-Erik Ringkjøb

GRØN FRAMTID: Hans-Erik Ringkjøb meiner vi ha sterkt fokus på rein, norsk natur.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Verdsarvrådet forventar ein auke, særleg i cruiseturismen, dei komande åra. Då blir det viktig å ta vare på naturen, meiner Ringkjøb. Han vil unngå å kome i klem mellom det som handlar om turisme og pengar, og det som handlar om god forvaltning av naturressursane.

– Vi er kjende for å ha rein, norsk natur, det er det dei kjem hit for å besøke, og då må vi satse på det. Å vidareutvikle den typen tankegang trur eg blir veldig viktig både i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.

Noralv Distad i Glacier Bay

PÅ STUDIETUR: Aurland-ordførar Noralv Distad i Glacier Bay i Alaska.

Foto: Privat

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, var sjølv med på turen til Alaska. Han meiner det er viktig at det ikkje blir slik at ein skal satse på anten turisme eller miljø, og trur dei har mykje å lære av Glacier Bay på dette området.

– Dei satsar på begge delar, og det må vi også gjere i vårt område. Der har vi mykje utbyte av å halde kontakten framover. Dei er veldig dyktige på å formidle kunnskap om verdiane i området, anten det gjeld natur eller dyreliv. Og dei er flinke til å kople dei som forvaltar med dei som formidlar.

Nærøyfjorden - Fjord Norge

VIL LÆRE: Korleis skal ein best mogleg forvalte verdsarvområda våre? Dei som er i forvaltninga, både for Nærøyfjorden (biletet) og Geirangerfjorden, meiner det blir viktig

Foto: Katrin Moe