Hopp til innhold

Henrik Holmberg går for fylkesrekord på heimebane

Friidrettsutøvaren Henrik Holmberg frå Vik er inne i sitt livs form. I dag tok han gull i høgdehopp i innandørs-NM, no går han for fylkesrekord når NM skal arrangerast i heimfylket.

Henrik Holmberg

SIKTAR HØGT: Henrik Holmberg frå Vik satsar på å ta fylkesrekorden i høgdehopp.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg hadde vel kanskje min beste høgdekonkurranse nokon sinne i dag. Det er ein av dei få dagane då alt stemmer, seier vikjen Henrik Holmberg.

Med eit hopp på 2,06 meter under innandørs-NM i Bærum søndag, vann han gullmedaljen i tevlinga. Det er første gongen.

– Det vart ei perfekt konkurranse, og eg var meir stabil enn alle dei andre. Det var rett og slett utruleg gøy, seier Holmberg.

2,06 er same høgda som han hoppa førre helg under ei tevling i Ulsteinvik. Då sat han personleg rekord, og han hadde forhåpningar om at han skulle klare å gjenta suksessen i dag. Forma er nemleg heilt på topp.

– Eg er i den beste forma eg har vore i nokon gong, så eg gjekk for gull. Eg kan ikkje seie noko anna enn det.

Henrik Holmberg

NØGD: Henrik Holmberg er veldig fornøgd med eigen innsats under NM:

Foto: privat

Satsar på å ta fylkesrekorden i høgde

Rekorden for å hoppe høgt i Sogn og Fjordane er på 2,08 innandørs, og 2,10 utandørs. Den ambisiøse vikjen har planar om å ta begge rekordane innan året er omme.

– I år er det jo NM på Byrkjelo, så det hadde passa perfekt å ta utandørsrekorden på heimebane.- Eg føler at spensten er der, så det er eigentleg berre teknikken eg må terpe på for å hoppe så høgt, seier Holmberg.

Marius Vedvik

TOK BRONSE: Marius Vedvik frå Førde tok bronse under innandørs-NM.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det var fleire utøvarar frå Sogn og Fjordane som markerte seg under innandørs-NM i Bærum i helga. Marius Vedvik frå Førde tok bronse i 3000 meter 8:13.84. Merete Helgheim frå Gloppen tok gull i 3000 meter kappgang med tida 13:42:22.