NRK Meny
Normal

Henning vil ikkje ha ”melk”

Tine lovar "mjølk", men leverer stadig "melk".

Henning Rivedal

Ein misnøgd Henning Rivedal og ein kartong 'skummet melk', kjøpt i nærbutikken på Hermansverk.

- Eg har følgt med på dette sidan jula 2006, og det skiftar heile tida, seier mål-entusiasten Henning Rivedal.

Før jul 2006 skreiv han brev til Tine med spørsmål om kvifor kartongar med ”melk” stadig dukka opp i butikkane i nynorskområde. Han fekk eit betryggande svar frå Tine om at det skulle stå ”mjølk” på kartongane som blir selde i Sogn og Fjordane, men er ikkje imponert over det som har skjedd sidan då.

Starta bra

- Første månadene etterpå var eg veldig optimistisk. Det stod ”mjølk” på 70 prosent av kartongane eg såg, men sidan har det ikkje gått så bra. Sist eg sjekka fann eg berre to sortar som var mjølk, resten var melk alt saman, seier Rivedal.

- Vi har forståing for at målforma er viktig for brukarane, og vi prøver så langt det er økonomisk forsvarleg å gje brukarane den målforma på kartongen som er naturleg i det området, seier kommunikasjonssjef Margrete Gudbrandsen i Tine Meierier Region Vest.

Emballasjetest

- Når det dukkar opp mjølkekartongar på bokmål kan det skje av fleire grunnar. Det kan vere at emballasjeleverandøren ikkje kan levere nynorskkartongar, det kan vere at varene er produsert andre stader i landet der dei har bokmålsemballasje eller det kan vere testing av ny emballasje som berre føregår på bokmål, slik tilfellet er i desse dagar med skumma mjølk og ekstra lett mjølk i desse dagar, held ho fram.

Ho meiner også at sogningar og fjordingar flest ikkje er like bastante på at det skal heite ”mjølk” som Rivedal er.

- Få seier "mjølk"

- Ein snakkar ikkje nynorsk eller bokmål, ein snakkar dialekt. Så langt har eg ikkje opplevd nokon sogningar eller fjordingar som seier ”mjølk”. Dei seier heller ”melk” eller ”mjelk” så eg trur forbrukarane kan godta at det av og til står på bokmål i butikken, seier Gudbrandsen.

- Den gongen oslofolk fekk mjølk i butikkane ved ei feilsending vart det eit jordskjelv som nesten slo ut på Richters skala, så det er ikkje tvil om at dette betyr noko. Eg tykkjer det er litt svakt av Tine å servere desse standardorsakingane endå ein gong. Eg kan ikkje fatte at meieriet på Byrkjelo som forsyner mitt område ikkje kan levere ”mjølk”, svarar Rivedal.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå