NRK Meny
Normal

Ørjasæter: Anne Viken har gjort noko dumt og bør beklage

Bloggar Anne Viken posta i dag meldingar på både Facebook og Twitter der ho kalla Høgre-politikar Embla Belsvik Norges verste ekskjærestehevner, utan politisk talent og med pappas pengesekk i ryggen. Kjend kommentator, Elin Ørjasæter, meiner Viken har opptredd dumt.

Kollage Anne Viken

SKJERMDUMP: Slik låg meldingane frå Anne Viken på Twitter og Facebook, før ho valde å fjerne innlegget på Twitter.

Foto: Skjermdump Twitter/Facebook / NRK


På Twitter kunne ein tysdag morgon lese Viken tvitre: ”Embla Belsvik frå Flora Høgre står fram snart om Norges mest loko politikar. Farens peng i ryggen, null politisk talent og heksejakt på eksen.”

Om lag samstundes la ho ut på Facebook ”Embla Belsvik står fram som Norges verste ekskjærestehevner. Makan til ekshat har man vel sjeldan sett for open scene”.

Belsvik kjende ikkje til nokon av påstandane før NRK ringde like før lunsj.

– Eg har aldri vore i noko forhold med Nødseth, og eg tykkjer det er trist at det

Embla Belsvik

VISSTE INGENTING: Embla Belsvik i Høgre.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

blir spreidd usanningar per papir og nett. Ut over det har eg ingen kommentar, seier Belsvik.

Kallar oppførselen uklok

Påtroppande førstelektor på Markedshøgskolen, bloggar på Nettavisen og sjølverklært twitroman, Elin Ørjasæter, meiner Viken har opptredd uklokt.

– Det ho har gjort er å angripe ein person som ikkje er offentleg, iallfall ikkje utover eit lokalmiljø, for forhold som vedkommande ikkje kan forsvare seg på. Hadde eg vore rådgjevar for Viken, hadde eg bedd henne lagt seg flatare. Det hadde kledd saka, seier Ørjasæter.

Bakteppet er den betente striden i Flora høgre mellom Jacob Nødseth og Belsvik. Nødseth har fått kraftig kritikk frå lokalpartiet fordi han skal ha sendt sjikanerande tekstmeldingar til partifellen Belsvik.

Sletta meldinga etter nokre timar

Når NRK ringjer Anne Viken, er meldinga sletta.

– Det var ein umiddelbar reaksjon etter at eg har følgt med på denne Nødset-saka i lokale medium. Det var ein veldig klønete tweet av meg. Det var dårleg gjennomtenkt formulering, seier Anne Viken.

– Det er ganske mange som driv på sosiale medium som før eller seinare tråkkar i ein slik salat og skriv noko veldig dumt. No gjekk eg i den fella. Det var veldig dumt og det var ein veldig klønete tweet, seier Viken.

– Trass i at både innlegget på Facebook og Twitter inneheld relativt grove karakteristikkar av ein person, visste ikkje vedkommande om det, eller hadde moglegheit til å forsvare seg. Er dette ein etisk måte å kommunisere på?

– Det er slik ein kommuniserer på Twitter. Ein kommuniserer ut ei melding og så kan den som vil, svare, seier Viken.

– Men burde du ikkje sendt ein kopi til Belsvik?

– Burde og burde. Det kan ein vel seie at eg burde gjort. Men slik Twitter fungerer, så er det ikkje naudsynt. Det er ganske vanleg å omtale folk på Twitter utan å sende ein kopi til dei direkte, seier Viken.

  • HØYR HEILE INTERVJUET MED ANNE VIKEN:

  • LES OGSÅ: Nødseth i oppvaskmøte med leiinga

Meiner ein berre må akseptere det

Akkurat dét er Ørjasæter usamd i.

– På Twitter er det god kotyme å setje vedkommande på kopi. Igjen vil eg seie at Anne Viken har gjort noko dumt på sosiale medium. Då er det lurt å beklage det, seier Ørjasæter.

Viken er ikkje ukjend med å vere i hardt vêr på diskusjonsfronten, og innrømmer at ho sjølv likar å vere informert om kva som skjer.

– Men det er også vanleg kotyme å utelate frå tweets. Eg personleg opplever ofte at det blir tvitra om meg utan at eg får nokon kopi av meldinga. Det må eg berre akseptere. Det er slik Twitter fungerer, seier Viken.

– Men forstår du at folk kan tykkje du har vore ufin med det du har posta på Twitter og Facebook i dag?

– Det forstår eg heilt klart. Det var ei klønete melding som var dårleg gjennomtenkt, seier Viken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anne Viken

ALLTID: - Eg tenkjer meg alltid om, seier Anne Viken.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tenkjer seg alltid om

– Kjem du til å tenkje deg om ein gong eller to ekstra før du postar eit krasst innlegg på sosiale medium?

– Eg tenkjer meg alltid om. Det er nokre få, få gonger at eg ikkje tenkjer meg om. Dette er vel ein av dei få gongene, og det fekk sjølvsagt NRK med seg, seier Viken.

– Kjem du til å kontakte Belsvik for å be om unnskyldning?

– Eg kjem ikkje til å ta kontakt med ho, seier Viken.

Burde ha beklaga

Ørjasæter held fast på at Viken ikkje burde nøye seg berre med å slette meldinga, men at ho burde beklage ovanfor Belsvik.

– Det er så utruleg lett å plumpe uti. Mitt råd til Anne Viken er at ho berre beklagar det, seier Ørjasæter.

Ho er sjølv kjend for ein skarp penn, og har også fått kritikk for å ha vore for skarp i sine karakteristikkar. Men ho er ikkje umiddelbart med på at det er grenser for kva ein kan seie om politikarar.

– Men det er nokre andre grenser som er viktige. Er det offentlege personar med mykje makt, då både kan og bør ein gå mykje lenger. Det andre handlar om kva ein trekkjer fram, seier Ørjasæter.

Ho peikar på at det her er trekt fram svært private tilhøve og familiebakgrunn.

– Dette er område der vedkommande ikkje kan forsvare seg. Då står fram det som djupt usakleg, seier Ørjasæter.

Ikkje nederlag å innrømme feil

Ho påpeikar at det korkje er ordbruk eller språk som er Vikens tabbe.

– Det er at ho har gått laus på ein person som ikkje er eit maktmenneske, og ho har komme med svært usaklege argument, seier Ørjasæter.

Ho peikar på at det ikkje er eit nederlag å innrømme feil.

– Anne Viken har gjort noko dumt på sosiale medium. Det er ho ikkje åleine om. Eg har sjølv gjort det. Då er det lurt å beklage det etterpå, seier Ørjasæter.

Elin Ørjasæter

KRISTISK: Elin Ørjasæter meiner Viken burde lagt seg endå flatare.

Foto: TROND A. SØRÅS / trond@studvest.

Det finst skikk og bruk-reglar

Lene Pettersen er doktorgradsstipendiat på BI og- forskar på sosiale medium. Ho ønskjer å uttale seg på generelt grunnlag, sidan ho ikkje kjenner heile saka godt nok.

– Dette er noko vi ser til stadigheit. Folk er slurvete og slengjer ut ting på Twitter som dei kanskje ikkje ville sagt dersom dei snakka til vedkommande. Det er så lettvint å skrive noko, og så tenkjer ein seg ikkje om før ein har publisert, seier Pettersen.

Ho peikar på at det ikkje fint reglar for korleis ein skal oppføre seg på sosiale medium, men at det finst såkalla skikk og bruk-reglar.

– Sosiale medium er i utgangspunkt eit demokratisk verktøy der folk skal få meine kva dei vil, og det på godt og vondt, seier Pettersen.

– Så ein må tole denne type ytringar sjølv om det går på person?

– Direkte personhets er ein uting, og det bør alle som er på Twitter, ta med seg, seier Pettersen.

Handlar om folkeskikk

For det handlar i botn og grunn om folkeskikk.

– Terskelen for å slengje sleivkommentarar på sosiale medium vert lågare enn det hadde vorte ansikt til ansikt. Det handlar om skikk og bruk. Det er ikkje alltid dei mest sjarmerande sidene våre som kjem fram på Internett, seier Pettersen.

Reglar er ikkje vegen å gå, men ein må vere medviten.

– Ein må handsame kvarandre med respekt utifrå nokre kjerneverdiar. Det betyr ikkje at ein ikkje skal vere ærleg. Men kritikken må vere konstruktiv, ikkje slarvete og basert på personlege eigenskapar som ikkje har noko med saka å gjere, seier Pettersen.

Kan tippe over i ærekrenkingar

Sjølv om ytringsfridomen når langt, kan ein tippe over.

– Den andre sida av ytringsfridom er ærekrenkingar. Dei avgrensar ytringsfridomen, seier advokat Jon Wessel-Aas.

Jon Wessel-Aas

FARLEG: Advokat Jon Wessel-Aas er klar på at det er ein hårfin balansegang mellom ytringsfridom og krenking av privatlivets fred.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Han peikar på at alle ytringar må sjåast i ein kontekst, og at ytringar på Twitter ofte er ledd i ein samtale, og difor heng i hop med noko anna.

– Men her er det ein karakteristikk som ikkje er positiv, av ein namngjeven politikar i Flora. Ein subjektiv karakteristikk kan vere ærekrenkande, men ofte så er dei lovlege, spesielt når det gjeld folk med offentlege roller. Men kjem ein med skuldingar om faktiske tilhøve, så er det annleis, seier Wessel-Aas.

Å påstå eit faktum kan fort ende som ei ulovleg ærekrenking.

– Men når ein kjem med ein meir subjektiv karakteristikk av ein politikar, så er takhøgda i utgangspunktet stor, seier Wessel-Aas.

  • LES MEIR OM ÆREKRENKINGAR HER

Kan fort bli råka av injurielova

Men han peikar på at å tråkke inn i privatsfæren, kan vere farleg.

– Det ligg implisitt i det at denne politikaren gjer eitt eller anna negativt ovanfor ein ekskjærast. Då byrjar du å bevege deg inn på privatliv, og det vert noko anna att. Då kan det fort bli krenkande i forhold til privatlivets fred. Men har dette ei offentleg interesse, så kan saka sjå annleis ut att, seier Wessel-Aas.

Han understrekar at det ikkje er mogleg å tolke ei slik melding isolert sett.

– Faren med denne typen medium, er at folk har ein tendens til å spissformulere seg. Går ein for aggressivt til verks ovanfor namngitte einskildpersonar, så kan ein fort bli ramma av injurielovgivnad eller privatlivets fred, seier Wessel-Aas.

Han peikar også på at det er noko anna dersom dei du diskuterer med er på Facebook eller Twitter, og er med på samtalen.

Rett til imøtegåing

Det er langt verre når den som vert ramma av kritikk, ikkje sjølv får komme til orde.

– Viss du omtalar folk som ikkje sjølve er på sosiale medium, utan at forbehalda kjem med og dei får imøtegå dei, så kan du fort hamne i den fella at det blir sett som rettsstridig fordi du konstaterer eit faktum som ikkje vert imøtegått av den andre, seier Wessel-Aas.

Han presiserer at i utgangspunktet er ikkje krava til imøtegåing annleis enn dei er for pressa.

I utlandet har fleire slike saker hamna i rettssystemet. Wessel-Aas er klar på at dette også truleg snart kjem til å skje i Norge.

-. Det er eit spørsmål om tid. Ta til dømes dette med publisering av bilete. Du har ikkje lov til å publisere bilete av andre på Facebook utan at dei har samtykt. Men det er det mange som ikkje tek omsyn til, seier Wessel-Aas.


Vegopning på Bergum i Førde kommune