Hopp til innhold

Hengaren til tømmerbil enda i grøfta

Slik ser det ut på Reset i Førde etter at hengaren på ein tømmerbil velta utanfor vegen.

Tømmerhengar or vegen

UTFOR VEGEN: Lasta ligg spreidd i grøfta.

Foto: Josef Benoni Tveit / NRK

Ein hengar lasta med tømmer har hamna utfor vegen på E39 ved Reset i Førde.

Tømmerlasta ligg spreidd ned etter skråninga.

Politiet er på veg, og tung bergingsbil er bestilt. Det skal ikkje vere personskade. Lastebilen står framleis på vegen, men sperrar delar av vegbana.

Den første snøen er i ferd med å legge seg i Sunnfjord.

Tømmerbil utfor vegen

I GRØFTA: Hengaren vil bli berga seinare.

Foto: Josef Benoni Ness / NRK

– Eit vogntog med tømmer har fått problem på glatta. Han mista fart og etter kvart byrja hengaren å skli. Til slutt kom den ut av vegbana og velta.

Innsatsleiar Gunnar Englund

DIRIGERING: Innsatsleiar Gunnar Englund dirigerer trafikken forbi ulukkesstaden.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Det vart full stogg. Andre vogntog har fått problem, men no løyser det seg opp, seier innsatsleiar Gunnar Englund i politiet.

Det er no fri ferdsle på staden. Men hengaren vil bli teken opp att seinare.