NRK Meny
Normal

Hengaren kom på tvers gjennom svingen

Politiet legg vekk saka mot føraren av ein semitrailer som krasja inn i ein varebil på E39 i Jølster mellom Eikås og Vassenden. Ein 44-år gamal mann vart frakta til Haukeland med alvorlege skader etter ulukka.

Trafikkulukke i skulesvingen på Jølster.

I FEIL KØYREFELT: Hengaren på semitraileren har mest truleg slått ut betongveggen før den trefte varebilen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er vegvesenet som har utarbeidd ein rapport som dannar grunnlaget for politiet si avgjerd om å legge vekk saka.

Les også: Mann (44) alvorleg skadd etter ulukke på E39

– Rapporten seier at det er svært sannsynleg hengaren på vogntoget har komme over i motgåande køyrefelt. Det ut frå vitneforklaringar, skader på det andre køyretøyet og skader på betongmuren, seier lensmann Knut Skurtveit i Jølster.

Ulukkessvingen har redusert fart

Ulukka skjedde i den såkalla Skulehussvingen på Eikås 24. september, og der har det tidlegare vore fleire ulukker. Difor er tilrådd fart i svingen på 50 km/t.

– Farten har ikkje vore så veldig høg på vogntoget. Undersøkingar viser at farten kan ha vore 58 – 60 km/t. Farten er 70 km/t på strekninga, men tilrådd fart gjennom svingen er skilta til 50.

Les også: Mann (44) alvorleg skadd etter ulukke på E39

Det er ulukkeskommisjonen hos Statens vegvesen som har gjort undersøkingane som blir presenterte i rapporten. Dei rykkjer ut ved alvorlege ulukker og undersøker mellom anna friksjon og teknisk tilstand på køyretøya.

Feil på bremsesystemet

– Undersøkingar viser at det er ein feil på ABS-bremsesystemet på semitraileren, ein korrosjonsskade, som gjer at sjåføren ikkje får lyssignal på at det kan vere feil på ABS-bremsene på hengaren.

Vitne skal også ha forklart at det kan ha vore oljesøl på staden før uhellet.

– Alt i alt har juristen lagt vekk saka mot føraren. Sjåføren har fått tilbake førarkortet for lenge sidan.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.