Hopp til innhold

– Det er eit veldig spennande verv

Olin Johanne Henden er ikkje framand for å ta over leiarvervet i Sogn og Fjordane Høgre.

Olin Johanne Henden

MOGLEG NY FYLKESLEIAR: Olin Johanne Henden har sete fire år på fylkestinget for Høgre. – Eg har prøvd å vere ein politikar for heile fylket, og det kan vere nokon meiner dette viser att, seier ho.

Foto: Privat

Henden frå Gloppen er i dag andre nestleiar i Sogn og Fjordane Høgre, og blir nemnt av fleire som mogleg arvtakar til Arve Mjømen.

– Dette er noko eg må vurdere og tenkje gjennom, så nett no er eg i tenkeboksen for å kome fram til ei avgjerd, seier Henden til NRK.no.

– Må vurdere det seriøst

Lokallaga til Høgre har no sendt inn sine forslag til ny leiing i fylkespartiet, og etter det NRK kjenner til vil flest lokallag vraka sitjande fylkesleiar Arve Mjømen frå Gulen og heller ha næringslivsmannen Grønnevik frå Florø.

Arve Mjømen

KAN BLI VRAKA: Arve Mjømen kan bli vraka som fylkesleiar etter fire år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Men NRK veit frå fleire hald at det i kulissane blir arbeidd med å finna ein tredje – og meir samlande – leiarkandidat, som både støttespelarane til Grønnevik og Mjømen kan stilla seg bak.

Både ordførar i Førde, Olve Grotle, og 2. nestleiar i fylkespartiet, Olin Johanne Henden, blir nemnt av fleire.

– Eg har fått spørsmål om å kunne vere kandidat, og når eg får spørsmål om det så ønskjer eg å vurdere det seriøst, seier Henden til NRK.no.

– Kunne du tenkt deg det?

– Ja, eg syns det er eit veldig spennande verv å kunne ha. No har eg vore i Høgre i mange år, eg har eit breitt kontaktnett og syns det er veldig interessant å drive med politikk, seier ho.

– Kan vere godt med skifte

Olve Grotle

IKKJE AKTUELL: Seier Olve Grotle om at han blir nemnt som mogleg ny fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ho viser vidare til at det er mange omsyn å ta, og at ho må vurdere kva moglegheit ho har for å ta steget vidare opp, dersom det skulle bli aktuelt.

På spørsmål på om ho sjølv meiner det er på tide å skifte ut fylkesleiaren i Høgre, svarar ho slik.

– Arve har gjort ein god jobb på mange område. Men det kan vere godt for ein organisasjon å ha nokre skifte innimellom for å få nye tankar og idear inn. Så dette må vi sjå an, det kjem an på kva lokallaga ønskjer, seier Henden.

Olve Grotle, sitjande Høgre-ordførar i Førde, skriv i ein SMS til NRK. «Eg er ikkje kandidat til leiarvervet», utan at han grunngir dette ytterlegare.