Hopp til innhold

Hemsedalsfjellet var stengt etter ulukke

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet var stengd i over to timar måndag ettermiddag på grunn av ei ulukke like ved fylkesgrensa mellom Buskerud og Sogn og Fjordane.

Ulukke Hemsedalsfjellet
Foto: Statens vegvesen

Ein personbil og eit vogntog kolliderte ved Eldrehaugen på Hemsedalsfjellet i 14-tida, og vegen vart stengd etter samanstøyten.

Ifølgje operasjonssentralen i Nordre Buskerud politidistrikt er det ikkje snakk om personskade.

Dårleg sikt og mykje snøfyk skal vere årsaka til ulukka.

Bilbergar er på veg til staden for å få fri begge køyretøya. Ein reknar med at vegen då vil verte opna, opplyser Nordre Buskerud politidistrikt.

Like over klokka 16 opplyste Statens vegvesen at fjellovergangen var opna att for fri ferdsle.