NRK Meny
Normal

Hemsedal får aust-vest-støtte frå Møre og Romsdal

Hemsedals-forkjemparane beilar til Nordfjord og Sunnmøre om aust-vest-støtte og møter velvilje frå NHO Møre og Romsdal og ordføraren i Stryn.

Torill Ytreberg

STØTTE: Regiondirektør i NHO Møre og Romsdal, Torill Ytreberg, seier dei støttar riksveg 52 over Hemsedal.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Me støttar riksveg 52 over Hemsedal fordi det er viktig at det blir valt to effektive aust-vest-vegar, som kan fanga opp trafikken både frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane i nord, seier Torill Ytreberg, regiondirektør i NHO Møre og Romsdal.

Dette er musikk i øyro til forkjemparane for riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, som kjempar for å bli den nordre hovudvegen mellom Aust- og Vestlandet.

Framtidsretta

Statens vegvesen meiner ein tunnel gjennom Hemsedalsfjellet og ei bru over Sognefjorden vil gi det raskaste og beste aust-vest-sambandet for Nordvestlandet, slik europaveg 134 over Haukeli vil vera det for Sørvestlandet.

I går kom det fram at forkjemparane for Hemsedalsfjellet prøver å skipa alliansar mot Nordfjord og Møre og Romsdal for å vinna slaget mot hovudutfordraren, riksveg 7 over Hardangervidda og den innflytelsesrike stortingsbenken til Hordaland. I dag kjem responsen frå nordfylket:

– Riksveg 52 er det mest strategiske og framtidsretta alternativet. Difor er det viktig for medlemsverksemdene våre at politikarane prioriterer dette sambandet, seier Ytreberg.

Strynefjellet versus Hemsedalsfjellet

Med ei bru over Sognefjorden og den planlagde utbetringa av europaveg 39 – bru over Nordfjorden og tunnel gjennom Utvikfjellet – vil Hemsedalsfjellet bli den raskaste vegen frå Sunnmøre til Oslo.

Men i Stryn kjempar ordførar Sven Flo (H) for å rusta opp riksveg 15 over Strynefjellet til Austlandet. Likevel støttar han Hemsedalsfjellet som ny aust-vest-hovudveg.

– Eg ser ikkje konkurransen mellom desse to traseane. Strynefjellet fyller eit eige behov for næringstrafikken og turisttrafikken på Sunnmøre. Diskusjonen om Hemsedalsfjellet handlar om kva som skal vera hovudvegen mellom Bergen og Oslo, seier Flo.

Viktigare med E136

Stortinget skal vedta hovudvegane mellom aust og vest i Nasjonal transportplan i juni 2017. Innan då håpar Hemsedalsfjell-forkjemparane å ha fått stortingsbenken til Møre og Romsdal på sitt lag.

Men nordfylket sin mann i Transportkomiteen på Stortinget, Helge Orten (H), vil ikkje flagga støtte sånn utan vidare. Han er på kort sikt meir oppteken av å rusta opp europaveg 136 gjennom Romsdalen til Dombås og påkoplinga til europaveg 6.

Sunnmøre regionråd er eit samarbeidsorgan for 19 kommunar på Sunnmøre og i Romsdal. Rådet arbeider no med ein samla vegstrategi, men rådsleiar Anders Riise tykkjer det er viktigare med ein påliteleg heilårsveg over Strynefjell, enn å kjempa for eit aust-vest-samband over Hemsedalsfjellet som ligg langt fram i tid.

– For Sunnmøre har både Strynefjellsvegen og E136 vore viktig til no, og det vil dei òg vera i nær og mellomlang tid, seier Riise.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote