Hopp til innhold

Hemmelege dansetriks

Tore Andre Flo er klar til innsats i kampen mot Lene Alexandra Øyen om dansetrona.

Tore André Flo og Nadya Khamitskaya i aksjon.

Tore André Flo og Nadya Khamitskaya i aksjon under semifinalen i Skal vi danse på TV 2 i Oslo.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Med vener i salen, hoftevrikken på plass og hemmelege triks skal fotballspelaren vinne Skal vi danse-finalen på TV 2 i kveld.

Tore Andre Flo trur fjernsynskanalen er overraska over at han heng med enno, og han lovar ein sjarmoffensiv av dei sjeldne på parketten.

Høyr forventningane Tore André Flo har til finalen

Skal gje hundre prosent

Lene Alexandra Øien og Tore André Flo

Lene Alexandra Øien og Tore André Flo

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

- Vi må ta ut litt ekstra når det er finale, så vi har nokre overraskingar på lur. Vi skal gje hundre prosent, og prøve å lage så godt show som vi kan, seier den tidlegare fotballstjerna.

Med fire timars øving kvar dag, med nye dansetrinn å hugse på, er Tore Andre Flo klar til den store finalen mot danserival Lene Alexandra Øyen i finalen.

Tek ikkje seg sjølv høgtidleg

Sjølv om han i byrjinga fekk delte tilbakemeldingar frå dommarane i danseprogrammet, og nervane var i heilspenn, er han no roleg og fokusert på å ha det kjekt på golvet.

Men fotballspelaren er framleis usikker på kvifor fjernsynskanalen i det heile har plukka han ut til å vere med i programmet.

- Eg trur nok ikkje TV 2 rekna med at eg skulle vere med til finalen. Eg var sjølvutruleg skeptisk til det heile. Eg lurte på kva i heitaste eg hadde gjeve meg ut på, seier den sindige stryningen.

Han vil ikkje røpe for mykje om kva triks han har på lur for å sjarmere sjåarane og dommarane i senk. Det er mykje å halde styr på med tre dansar som skal finjusterast.

Ikkje heilt som i fotballverda

- Fredagen er lang og krevande. Vi må møte tidleg og gå gjennom dansen vår, førebu oss på opptak og prøve kle. Til og med sminke må eg gjennom, smiler Flo.

Det er tydeleg at dansen har gjeve meirsmak. Heretter skal kona Randi få svinge dansefoten saman med mannen. Julebordsesongen vert garantert ein suksess i år.

- Kona mi har alltid hatt lyst at eg skulle lære å danse, men eg har liksom aldri vore med. No skal eg i alle fall ikkje vere redd for det lenger, lovar Flo.

Gjev seg ikkje utan kamp

Flo vil ikkje røpe kven han trur sit att som vinnar, men lovar å ikkje gje seg utan kamp.

- Det er vanskeleg å spå kven som vinn, men eg må innrømme at Lene Alexandra har dansen litt meir i kroppen. Men eg skal ta fram all sjarm eg måtte ha, og få ut alle bevegelsane. Eg skal gje ho kamp og vi må ta alle midlar i bruk, seier Flo optimistisk.