Hopp til innhold

Hemmeleg møte om ny SIL-trenar

Alt før siste seriekamp i år hadde Sogndal eit møte med dåverande Lørenskog-trenar Thomas Berntsen. Stig Nord sa opp stillinga si i Sogndal onsdag kveld.

Sportsleg leiar Anders Giske
Foto: NRK

Anders Giske, sporsleg leiar i Sogndal Fotball, stadfestar møtet.

- Vi har hatt ein prat med han. Det er rett.

- Kva var temaet på møtet?

- Vi snakka om eit framtidig samarbeid.

- Spurde de han om å erstatta Stig Nord?

- Nei, vi kom ikkje så langt. Han svarte ja til Kongsvinger før vi kom ordentleg i gang.  

Nord viste ikkje om møte

Dermed vart det Sogndal sin motstandar i siste seriekampen i år, Kongsvinger, som får nyta godt av Thomas Berntsen sine tenester neste år.

Dobbel ulukke skal det ha vore for Sogndal då Stig Nord fann ut at dette møtet hadde funne stad. Nord sjølv vil ikkje kommentera dette, men kjelder tett opptil Sogndal-miljøet seier dette er grunnen til at Nord meinte tilliten til han frå styret var borte. Konsekvensen vart at han og assistenttrenar Johan Sigurdson sa opp torsdag.

Vil ikkje svare

Giske vil ikkje svara på om eit slikt møte er eit tillitsbrot.

- Det er Rolf Navarsete som uttalar seg om den prosessen, og det skjedde i går. Det ønskjer eg ikke å gå nærare inn på.

Men heller ikkje styreleiar Rolf Navarsete vil kommentera møtet med Berntsen og eventuelle konfliktar i kjølvatnet av det..

- Dette er ei personalsak. Og av omsyn til alle partar så har ikkje Sogndal Fotball fleire kommentarar. Saka er avslutta i media.

- Vi er på talefot

Og når det gjeld Stig Nord sitt forhold til klubben han har spelt for i ni sesongar og trent i ein har Giske følgjande å seia.

- Jo, det er heilt bra det. Vi hadde møte i går, og vi er på talefot.